Hopp til innhold

81 arabiskspråklege tolkar - fleire tusen asylsøkjarar treng hjelp

I Norge er det no berre 81 arabiskspråklege tolkar i Nasjonalt tolkeregister. Fleire tusen syriske flyktningar treng hjelp til alt når dei no kjem ut i kommunane.

Flyktninger kryper under gjerdet på grensen mot Ungarn

HJELP: Det auka talet på flyktningar inn til Norge krev at det blir fleire tolkar. Spesielt i arabisk.

Foto: ATTILA KISBENEDEK / Afp

– Det går på rettstryggleiken laus for dei flyktningane som kjem som ikkje vert møtte med rette tolkar. Det kan få store konsekvensar og føre til misforståingar, seier seksjonsleiar for tolkeseksjonen i Integrerings- og mangfaldsdirektoratet, IMDI, Liv Kolstad Zehouo.

Må ha langt fleire tolkar

Liv Kolstad Zehouo

UROA: – Vi treng langt fleire tolkar enn vi har i dag, seier seksjonsleiar for tolkeseksjonen i Integrerings- og mangfaldsdirektoratet, IMDI, Liv Kolstad Zehouo.

Foto: privat

I nasjonalt tolkeregister er det no 81 tolkar som har arabisk som mål.

Og Norge har sagt seg villig til å ta imot fleire tusen flyktningar frå Syria. Dermed vert det utfordrande å finne nok tolkar.

UDI opplyser at det er ei markant auke i talet på asylintervju på arabisk. Dei fleste asylintervjua går føre seg i Oslo, og asylsøkjaren må reise til hovudstaden.

Men etter det er det kommunane som må skaffe til vege tolk.

– IMDI er uroa over situasjonen, og vi meiner det må eit krafttak til no for på syte for at vi har nok tolkar, seier seksjonsleiaren.

Dei fleste arabisktalane tolkane held til i Oslo og Akershus, og dermed vert det krevjande for mindre kommunar å skaffe eigna tolkar.

IMDI har også liten kunnskap om korleis kommunane har planlagt å ta imot flyktningane når det gjeld tolking, men ei undersøking frå i fjor viser at det er store hol og manglar i tilbodet ute i kommunane.

– Det er heilt avgjerande at kommunane no planlegg for tolketenester til flyktningane som kjem, seier Kolstad Zehouo.

Viser liten eller ingen interesse
Syrere, irakere og afghanere i Serbia

TUSENVIS: Over 300 000 flyktningar og migrantar har kryssa Middelhavet ved utgangen av august. Fleire tusen av flyktningane snakkar berre arabisk, og treng tolk.

Foto: SASA DJORDJEVIC / Afp

Det er kommunane som må ta kostnaden når ein flyktning treng tolk.

Men IMDI trur ikkje mange har sett av eigne midlar i asylbudsjettet til dette.

– Undersøkinga frå i fjor viser heilt tydeleg at tolking ikkje er noko kommunane er spesielt opptekne av. Då svarte 46 prosent av dei spurde kommunane at dei hadde eigne retningslinjer for tolk, men berre 12 prosent brukar nasjonalt tolkeregister.

– Kva er årsaka til dette?

– Det veit vi ikkje. Det er mange ukvalifiserte tolkar på marknaden som kommunane heller bruker.

Det er 4000 tolkar i Norge som ikkje er ført opp i nasjonalt tolkeregister. Dei er ikkje statleg godkjende, kostar mindre og har ikkje teke IMDI sin språktest.

Desse vert ofte nytta av kommunane fordi dei er rimelegare enn dei offentleg godkjende. Det er fleire private byrå som tilbyr tolketenester.

I nasjonalt tolkeregister er det no 1360 tolkar fordelt på 66 språk.

– Det er for få i registeret. Vi treng mange fleire kvalifiserte tolkar, og det må vilje til å få dette til, seier Kolstad Zehouo.

Lagar tolkelov og ID-kort

Barne-, likestillings- og inkluderingsministeren Solveig Horne

LAGAR LOV: Barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne (Frp) ønskjer å lage ei eiga tolkelov.

Foto: Bøe, Torstein / NTB scanpix

– Ei eiga tolkelov vil bidra til å heve kvaliteten på tolketenestene, og føre til at ressursane vert nytta på ein meir effektiv måte. Difor set vi i gang med dette arbeidet, seier barne-, likestillings- og inkluderingsminister Solveig Horne (Frp).

I tillegg vil ministeren ha eigne ID-kort for tolkar.

– Eg vil starte eit arbeid med å innføre ID-kort for tolkar som er oppført i Nasjonalt tolkeregister.

Korta skal gje ei oversikt over personalia, tolkespråk og kva for kompetansenivå tolken har.

AKTUELT NÅ