Hopp til innhold

400 studium manglar studentar

Trass i rekordhøge søkjartal til høgare utdanning, kan «restetorget» by på nesten 400 ledige studium etter at opptaka no er unnagjort.

To studenter som sitter på ei trapp

120.000 søkte høgare utdanning til hausten – 3000 fleire enn i fjor og ny søkjarrekord. Likevel er det fleire hundre fag på Samordna opptak si liste over ledige studium.

Foto: Illustrasjonsfoto / Colourbox

Torsdag kom dei endelege tala frå Samordna opptak.

Etter ein vår med rekordhøge søkjartal til høgare utdanning, har nærare ni av ti kvalifiserte søkjarar no fått tilbod om studieplass – 88.529 personar totalt.

(Lista over dei mest populære studia finn du i botn av artikkelen)

Men framleis er det ledige studieplassar på nesten 400 studium ved 29 ulike lærestader rundt om i landet.

Oppdaterer lista kvar morgon

Informasjonsrådgjevar i Samordna opptak Aina Rødal

Lista over ledige fag blir oppdatert kvar morgon klokka 09, opplyser informasjonsrådgjevar i Samordna opptak Aina Rødal.

Foto: Terje Heiestad / Millimeterpress

Det nærmar seg skulestart for ferske studentar. Både hovudopptaket og suppleringsopptaket er no overstått og dei aller fleste som søkte høgare utdanning innan fristen i vår har fått svar på søknaden sin.

Samstundes begynner det å bli klart kva for nokre fag og skular som har plass til fleire studielystne.

Sjølv om fleire enn før vil bli lærarar, ingeniørar og sjukepleiarar, var det torsdag ledige plassar innanfor dei to førstnemnde på det som før blei kalla restetorget.

Barnehagelærar, teknologiske fag, språk, informasjonsteknologi, samfunnsfag og økonomiske og administrative fag er andre døme på studium med ledige pultar frå hausten av.

Både Universitetet i Oslo og Universitetet i Bergen er fullteikna, men det er flust av moglegheiter dersom ein er villig til å flytta litt på seg. Hovudvekta av ledige studium finn ein på høgskular og universitet utanfor dei største byane, som til dømes Høgskolen i Telemark, Høgskulen i Narvik og ved Norges arktiske universitet i Tromsø.

– Det kan framleis koma fleire studium på lista, som blir oppdatert kvar morgon klokka 09.00, opplyser Rødal i Samordna opptak.

Det er opptak til ledige studieplassar cirka to gonger per veke. Ein kan søkja på ledige studieplassar fram til byrjinga av september.

– Hald fleire moglegheiter opne

Alt håp er heller ikkje ute for søkjarar som allereie har søkt og framleis står på venteliste.

– Dei som står på ventelister kan framleis få tilbod om studieplass. Det blir etterfyllingsopptak fortløpande frå 5. august og utover. Lærestadane kan etterfylla dersom søkjarane takkar nei til studietilbod eller ikkje har svara, og det dermed er plass til fleire studentar, fortel informasjonsrådgjevar Aina Rødal i Samordna opptak.

Det er likevel svært få av dei som står på venteliste etter suppleringsopptaket som får tilbod om studieplass i etterfyllinga – 1914 personar i 2013.

Samordna opptak oppfordrar desse til å heilgardera seg ved å søkja på det som måtte lokka på lista over ledige studium.

– Nokre studium har ikkje etterfylling, og det kan vera lurt å halda fleire moglegheiter opne slik at ein ikkje risikerer å stå utan studieplass dersom ein ikkje får plass på drøymestudiet, oppfordrar Rødal i Samordna opptak til NRK.

De 15 mest populære studiene i 2014

 

Studium

Lærested

Søkere
(førstevalg)

1

Rettsvitenskap (jus)

Universitetet i Oslo

1981

2

Siviløkonom

Norges Handelshøyskole

1949

3

Rettsvitenskap

Universitetet i Bergen

1586

4

Politihøgskolen

Oslo

1439

5

Sykepleierutdanning

Høgskolen i Oslo og Akershus

1064

6

Psykologi profesjon

Universitetet i Oslo

929

7

Økonomi og administrasjon

Høgskolen i Sør-Trøndelag

895

8

Økonomi og administrasjon/revisjon

Høgskolen i Oslo og Akershus

848

9

Medisin

Universitetet i Oslo

838

10

Sykepleierutdanning

Høgskolen i Sør-Trøndelag

826

11

Psykologi årsstudium

Universitetet i Bergen

797

12

Medisin

NTNU

784

13

Industriell øk. og teknologiledelse

NTNU

781

14

Idrettsvitenskap

Norges idrettshøgskole

770

15

Fysioterapi

Høgskolen i Oslo og Akershus

736

AKTUELT NÅ