Hopp til innhold

Ein av tre meiner 17. mai vil bety meir etter terroråtaket

Ein av tre nordmenn seier at 17. mai vil bety meir for dei etter terroråtaket 22. juli i fjor. – Breivik har fylt nasjonaldagen med aktualisert innhald, seier professor.

Video Nasjonaldagen etter 22. juli

NETT-TV: Ein av tre nordmenn seier at 17. mai vil bety meir for dei etter terroråtaket 22. juli i fjor. – Breivik har fylt nasjonaldagen med aktualisert innhald, seier professor.

NRK har spurt eit representativt utval av den norske befolkninga om 17. mai i år blir ekstra spesiell som ein følgje av det som skjedde 22. juli i fjor. Av dei 1000 personane som vart spurt svarar 30 prosent at 17. mai vil bety meir for dei i år.

Men blant dei yngste er tala enno høgare. Av dei under 30 år som vart spurt, svarar fire av ti at 17. mai i år vil få ei større meining enn før.

NRK.no tok turen opp til Blindern nokre to dagar før 17. mai. Bjørken er utsprotten og ei barnehage er i full gang med å øve seg på 17. mai-toget. Blant studentane ved universitetet er det tydeleg at mange støttar seg til dei som svara ja på undersøkinga.

– Samhald mykje viktigare

– Eg føler at det norske samhaldet har blitt mykje viktigare etter det som skjedde. Og 17. mai er jo ein dag der alle samlast. Det vil iallfall vere i mine tankar, seier Trond Ikdahl Andersen (18) som studerer fysikk.

– Følar du at angrepet var eit åtak på dei verdiane ein feirar 17. mai?

– Ja, heilt klart. Me har alltid i Noreg vore stolte over at me aksepterer alle slags kulturar og er glade i mangfaldet. Og det er jo nettopp det Breivik er i mot.

17 mai-feiring

– 17. mai har alltid vore viktig for oss, svarar Hilde Mugaas, Mari Grynsgård og Randi Brovik. For dei hadde nasjonaldagen vore like meiningsfull utan 22. juli.

Foto: Jonas Sætre / NRK

Stefan Jøines (26) trur terroråtaket kan gjere at 17. mai ikkje berre blir ein festdag, men får ei større symbolsk rolle.

– Eg trur det kjem til å bli viktigare å markere at me er eitt folk, og at me står saman om Grunnlova og menneskerettane. Så det blir viktigare symbolsk, og ikkje berre ein festdag, seier han til NRK.no.

Jens Stoltenberg

Statsminister Jens Stoltenberg seier til NRK at nasjonaldagen blir ekstra spesiell for han i år.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Statsminister Jens Stoltenberg er også ein av dei som meiner at årets 17. mai vert spesiell.

– Det er iallfall slik at 22. juli har minna oss om at me feirar 17. mai, fridom og demokrati. Det er ingenting som er ei sjølvfølgje, men det er noko me må ta vare på og passe på kvar einaste mai. Det vart me minna om 22. juli, og difor er det ekstra viktig å markere dette 17. mai, seier Stoltenberg.

Stoltenberg kan likevel seiast å høyre til eit mindretal av norske menn. I undersøkinga kjem det fram at det er ei klar kjønnsdeling på kven som meiner 17. mai vil bety meir for dei. 37 prosent av alle kvinner svarar ja på spørsmålet, men berre 24 av menn svarar det same.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Unikt for Noreg

Professor emeritus i statsvitskap, Bernt Hagtvet, er positivt overraska over at så mange svarar at 17. mai vil bety meir for dei i år.

Bernt Hagtvet, Bjørnsonfestivalen 2009

Bernt Hagtvet meiner det er unikt i Europa å knytte eit terroråtak opp mot ein nasjonaldag.

Foto: Ole Jan Larsen

– Dette er veldig positivt og flott. No kan 17. mai fyllast med meir meiningsfylt innhald enn før, seier Hagtvet.

Hagtvet fortel til NRK.no at det er svært få døme frå andre land der ei konkret terrorhandling har hatt mykje å seie for feiringa av nasjonaldagen.

– Så vidt eg kan sjå er det berre i Noreg at ein kan spore ei så klar bru mellom eit terroråtak og nasjonaldagen. Det har vore fleire politisk motiverte terroraksjonar i Europa dei siste åra, men eg kan vanskeleg sjå at dei har hatt ei betydning for markeringa av nasjonaldagen. Dette er interessante funn.

Årsaka til dette meiner Hagtvet er at terroråtaket 22. juli i fjor skil seg så dramatisk frå alt anna ein har sett dei siste åra.

– Breivik ville openbart knuse det norske konstitusjonelle demokratiet. Det er heilt klart kva verdiar han var i mot, difor er dette terroråtaket i ei uhyggeleg særstilling.

Den kjende samfunnsdebattanten meiner terroråtaket kan bidra til å skape meir meining til ein dag som for mange ikkje har hatt noko stort meiningsfylt innhald.

– 17. mai har lenge hatt behov for ei fordjuping. Det har ofte vore mykje tomme ritualar. Fram mot 200-årsjubileet for Grunnlova i 2014 kan Breivik sine terrorhandlinga vere noko som kan fylle 17. mai med aktualisert og fordjupa innhald.

Katie og Zahra, 6 år, øver på 17. mai-toget

6 år gamle Katie og Zahra øvar på å gå i nasjonaltoget. For unge for å reflektere over nasjonaldagen, men likevel spente på dagen.

Foto: Jonas Sætre / NRK

AKTUELT NÅ