Hopp til innhold

165 milliardar ekstra til Forsvaret

Forsvaret seier dei treng 180 milliardar kroner ekstra over ein periode på 20 år for å halde oppe nivået slik det er i dag. Etter det NRK kjenner til vil regjeringa bla opp rundt 165 milliardar.

Klipp frå Dagsrevyen.

VIDEO: Fryktar for framtida til Forsvaret

Regjeringa legg fram langtidsplanen sin for Forsvaret komande fredag. Det er varsla eit betydeleg økonomisk løft, men i forsvarsgreinene er det stor uro for om det kjem nok pengar.

GIS Lars Saunes.

Generalinspektør for Sjøforsvaret, Lars Saunes, fryktar for framtida.

Foto: NRK

Forsvaret har gjort det klart at dei treng 180 milliardar kroner dei neste 20 åra for å halde eit forsvarleg nivå. Kjelder fortel til NRK at regjeringa truleg vil gi 15 milliardar mindre.

– Under minimumskravet

Generalinspektør for Sjøforsvaret, Lars Saunes, seier at situasjonen i Sjøforsvaret er vanskeleg. Dei er for få, dei trenar for lite og dei manglar pengar.

– Sjøforsvaret er i dag under minimumskravet med omsyn til beredskap. Eg trur at den største og viktigaste oppgåva til staten er å sikre staten. I dag brukar vi i underkant av 1,5 prosent av brutto nasjonalprodukt til forsvaret, og det meiner Nato-landa og Nato-alliansen er for lite, seier Saunes til NRK.

Det er klart at det kjem meir pengar fredag, men spørsmålet er om det blir nok. Forsvaret meiner 180 milliardar kroner i ekstra midlar over 20 år er nødvendig for å halde nivået i dag. Meir for å bli betre.

Forsvaret får nye ubåter og overvåkningsfly

Advarer om kamp mellom nord og sør om Forsvaret

Usikre på framtida

Øyvind Halvorsen, avdelingsssjef i 2. bataljon.

Avdelingssjef Øyvind Halvorsen er avdelingssjef i Hærens 2. bataljon.

Foto: NRK

Det er likevel i Hæren at dei er mest usikre på framtida. 2. bataljon er ei av avdelingane som er trua av nedlegging om det ikkje kjem ekstra pengar. Avdelinga er no på øving i Latvia.

Avdelingssjef Øyvind Halvorsen i 2. bataljon har denne knappe kommentaren:

– Det er klart vi er spente på langtidsplanen og korleis han vil påverke arbeidet vårt i framtida.

Heimevernet veit dei må gjennom massive kutt same kva som skjer. Uroa går på at Heimevernet blir så lite at dei ikkje lenger har nokon funksjon.

Frykt og spenning før forsvarsplanen legges fram

Kommer sannsynligvis mer penger på bordet

Nye jagarfly

I Luftforsvaret er stemninga roleg så lenge ikkje regjeringa røyver bestillinga på 52 nye jagarfly. Likevel veit dei ikkje om det er mogleg å greie vedlikehaldskostnadene utan ein betydeleg vekst i budsjetta.

Svaret får dei førstkomande fredag.

AKTUELT NÅ