Hopp til innhold

135.000 blir mobba til sjølvmordstankar

135.000 nordmenn går rundt med sjølvmordstankar som følgje av mobbing på arbeidsplassen, viser ein ny norsk studie. Jarle Kirketeig blei psykisk sjuk etter at sjefen hadde mobba og trakassert han i årevis.

Nesten 135 000 nordmenn har selvmordstanker på grunn av mobbing på jobb.

Jarle Kirketeig forstår godt at andre som blir mobba på jobb utviklar sjølvmordstankar.

Jarle Kirketeig stod i 2011 fram og fortalde at han blei mobba og trakassert av sjefen sin i Fellesforbundet i Sogn og Fjordane.

Fire år etter at han først tok bladet frå munnen, går Kirketeig framleis på antidepressiv.

– Eg er på veg til å bli ufør på grunn av det eg opplevde som tilsett i Fellesforbundet. Dei fleste forstår ikkje kva eg har vore gjennom, seier Kirketeig til NRK som besøker han på garden heime i Sunnfjord.

Mobbing doblar risikoen for sjølvmordstankar

Morten Birkeland Nielsen

Håpet er at den nye studien vil vera til nytte for dei som jobbar med tiltak mot mobbing og i klinisk behandling, seier Morten Birkeland Nielsen. Han er professor ved psykologisk fakultet på Universitetet i Bergen of forskar ved Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI).

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Kvart år tek i gjennomsnitt 530 personar sjølvmord i Noreg. Ti gonger så mange forsøker årleg å ta sitt eige liv.

For å finna ut meir om årsakene til sjølvmord, har forskarar ved Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI) og ved Universitetet i Bergen undersøkt samanhengen mellom mobbing på arbeidsplassen og sjølvmordstankar.

Funna viser at mobbing på jobb kan få fatale følgjer:

  • Opptil 135.000 nordmenn, eller fem prosent av dei yrkesaktive i landet, har sjølvmordstankar som følgje av at dei blir mobba på jobb.
  • Arbeidstakarar som blir mobba har dobbelt så høg risiko for å utvikla sjølvmordstankar samanlikna med dei som ikkje opplever mobbing på arbeidsplassen.

– Studien viser at mobbing er eit svært alvorleg problem for dei som opplever det. Det overraskar meg eigentleg ikkje. For oss som har jobba med denne problematikken i mange år, er det rimeleg at desse personane vil gå så langt at dei vurderer å ta sitt eige liv, seier ein av forskarane bak studien, professor Morten Birkeland Nielsen.

– Hadde ikkje klart det utan familien

For Kirketeig i Sogn og Fjordane blei varslinga av trakasseringa på jobben starten på ein årelang feide med arbeidsgjevaren.

Då det storma som verst rundt Kirketeig, låg han berre på sofaen, dag som natt. Takka vere familien sin har han aldri mista livsgleda heilt, men han forstår at andre som blir utsette for trakassering og mobbing kan vurdera å velja døden framfor livet.

–– Eg hadde ikkje noko liv. Det som skjedde var uforståeleg. Eg var ingenting, rett og slett. Eg følte at for arbeidsgjevarane mine var eg eit irriterande element, som snakka om ting eg ikkje skulle snakka om.

Kirketeig fekk medhald i retten, men Fellesforbundet anka dommen. Våren 2014 sette eit forlik punktum for striden og Kirketeig fekk over ein million kroner i erstatning frå arbeidsgjevaren sin.

Men livet blir aldri det same igjen.

– Den personen eg var før, finst ikkje meir. Eg har ikkje energi og prøver berre å finna glede i enkle og kvardagslege ting, seier Kirketeig.

Mobbing

Forskarane bak den nye studien håpar at kunnskapen vil kunne bidra til betre tiltak mot mobbing i arbeidslivet.

Foto: Johannessen, Sara / NTB scanpix

Vekkjer internasjonal oppsikt

Den nye norske studien vekkjer oppsikt – også internasjonalt. Undersøkinga har kome gjennom nålauge og fått plass i neste nummer av det anerkjende medisinske tidsskriftet American Journal of Public Health.

Kirketeig meiner dei som prøver å varsla om trakassering på arbeidsplassen får eit altfor dårleg vern, slik stoda er i dag.

Forskarane håpar den nye kunnskapen om mobbing og sjølvmordstankar vil vera eit nyttig bidrag til dei som jobbar med tiltak mot mobbing og handtering av mobbesaker.

– Resultata vil også danna utgangspunkt for vidare forsking på temaet. I framtidige studiar ønskjer me å sjå på kva slags mobbehandlingar som er forbunde med sjølvmordstankar, kvifor mobbing kan føra til sjølvmordstankar og kven som er risikogruppene, seier Nielsen.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger