Hopp til innhold

Solberg: – Ikkje rart eller overraskande

JESSHEIM (NRK.no): Påstandane om massiv amerikansk overvaking av nordmenn kjem ikkje overraskande på statsminister Erna Solberg (H).

Statsminister Erna Solberg (H)

Statsminister Erna Solberg (H) seier regjeringa er i gang med å kalla USA inn på teppet etter informasjon om storstilt amerikansk overvaking av norske borgarar.

Foto: Camilla Wernersen / NRK

SISTE:

Den amerikanske etterretningstenesta (NSA) skal ha overvaka og registrert over 33 millionar private mobilsamtalar i Noreg i ein periode på 30 dagar i årsskiftet 2012-2013.

Avsløringa kjem fram i Dagbladet, som har fått tilgang til hemmelege etterretningsdokument via den spionasjesikta amerikanske varslaren Edward Snowden.

– Me har ikkje hatt informasjon om dette volumet, men basert på opplysningar om overvaking som har blitt rulla ut den siste månaden, så er det ikkje rart eller overraskande at det også kunne vera ein slik situasjon i Noreg, seier statsminister Erna Solberg i eit møte med pressa tysdag.

Nye samtalar med USA

– Vener skal likevel ikkje overvaka kvarandre. Det er legitimt å driva med etterretning, men den bør vera målretta og basert på faktiske mistankar og trugsmål. Det verkar som ein her har overvaka for vidt, legg Solberg til.

Ifølgje statsministeren har regjeringa bede USA om svar.

– Me har ein dialog gåande med amerikanske styresmakter som starta under førre regjering. Den er gjenoppteke no, både av justisministeren og av utanriksministeren. Me skal få klarlagt kva som er samla inn og på kva måte, lovar ho.

Telenor og Netcom avviser på det sterkaste at NSA har fått lovleg tilgang til norsk telekommunikasjon. Nasjonalt tryggingsorgan, PST og Etterretningstenesta avviser også eit samarbeid med amerikanarane.

– E-tenesta er ikkje kjend med at NSA driv slik innsamling mmot norske borgarar, og har sjølvsagt heller ikkje medverka til noko slikt, seier generalløytnant Kjell Grandhagen til Dagbladet.

Statsministeren vil ikkje spekulera i korleis amerikansk etterretning har klart å få tak i informasjonen på ulovleg vis.

– Det er ulovleg. I Noreg skal den type opplysningar utleverast på bakgrunn av konkrete mistankar og etter ein rettskontrollert prosess. Det er viktig for personvernet vårt, seier Solberg.

Uvisst om Solberg var offer

Statsministere har ikkje kjennskap til om ho sjølv har vore offer for amerikansk telefonovervaking,

– Eg har ikkje grunn til å tru at eg har vore målgruppe for dette, men me veit for lite til å kunne seia noko i det heile teke.

Solberg er likevel forsiktig når ho snakkar i mobiltelefonen.

– Er du statsminister, så må du rekna med at det er både uvener og vener som er interesserte i å finna ut kva du seier. Då er ein forsiktig med kva ein snakkar om på ein vanleg telefon.

AKTUELT NÅ