- Det verkar heilt uforståeleg å tolke Røkke sin bodskap slik. Han stilte faktisk spørsmål til heile eigarskapsmodellen mellom Røkke og staten. Det verkar som om Statsministaren sitt kontor, Næringsdepartementet og LO har førebudd sine synspunkt i førekant av pressekonferansen, seier Knut Arild Hareide, leiar for programkomitéen i KrF.
Brustad sa i går at saka ikkje handlar om einskildpersonar, og fokuserte på at partane i Aker vil finne ei løysing.
– Det positive som eg også oppfatta at Røkke sa i dag, er at han er open for å finne ei løysing, sa Brustad.
Les også:
«Je e’ forbanna. Hun er frustrert og irritert», sa Røkke då han
under gårsdagens pressekonferanse.- Skjønar reaksjonen
Både regjeringa og pressa fekk krass kritikk av styreformannen i Aker. Det gjer at heller ikkje Frp-formann Siv jensen forstår regjeringa si tolking.
- Eg berre registrerer ein mann som er lyn forbanna på regjeringa. Og det skjønar eg, fordi dei har vore utruleg klønete i denne saka.
Også Brustad sine raudgrøne kollegaer på Stortinget refsar Røkke sin Brustad-hets.
- Eg opplevde det som hersketeknikk. Han gjorde narr av at ho kom frå Hedmark og var litt bondsk, seier Marianne Aasen, finanspolitikar for Arbeidarpartiet.
Ola Borten Moe (Sp) synst også Røkke gjekk over streken.
- Han gjorde narr av henne, og det skal ein generelt ikkje gjere.
Les også:
Få har medkjensle med Røkke
Statssekretær ved statsministaren sitt kontor, Karl Eirik Scjøtt-Pedersen, seier til Politisk kvarter i dag at det er positivt at Røkke er open for løysingar.
- Det er eit skritt i rett retning at Røkke ikkje utelukkar noko. Men eg er ikkje positiv til måten han ordla seg mot Brustad. Elles meiner eg staten har handtert denne saka ryddig.
I ei meiningsmåling utført av VG i dag, seier seks av ti at dei ikkje synst synd på Røkke. Berre 25 prosent har medkjensle med han.
På spørsmål om kven som har mest rett i saka av Jens Stoltenberg og Røkke, svarer berre 29 prosent at dei trur mest på forretningsmannen.
Les også: