Regjeringen legger frem klimameldingen - Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix
Foto: Varfjell, Fredrik / NTB scanpix

- Nye føreskrifter gir dyrare hus

Regjeringa krev at alle nybygg frå og med 2015 skal bruke langt mindre energi enn hus som blir bygde i dag. Dette vil gjere husa mykje dyrare enn i dag.

Eit prosjekt i Oslo viser at såkalla passive hus, som brukar mindre energi, blir 6,5 prosent dyrare enn hus som blir bygde etter dagens føreskrifter.

Kommunal- og regiondeparmentet seier likevel at det er for tidleg å slå fast at passive hus blir dyrare.

Dette fordi dei enno ikkje har konkludert med kva definisjonen på eit passivt hus skal vere.