Hopp til innhold

- Lat bilen stå om du har sommardekk

Det er venta store nedbørsmengder over Sørlandet og Austlandet natt til torsdag og torsdag. Det er venta vanskelege køyreforhold, og rådet til bilistane er klart. Ikkje legg ut på vegen med sommardekk.

Reportasje fra Kveldsnytt om varslet snøfall og frykt for kaos.

VIDEO: Fryktar kaos på Sør- og Austlandet.

Seint onsdag kveld lavar alt snøen ned på Sørlandet og i Telemark og på begge sider av Oslofjorden. Ved 22-tida låg snøvêret ved Drøbak og det breier seg raskt nordover mot Oslo. Vakthavande meteorolog ved Meteorologisk institutt i Oslo, Ingrid Bentsen, seier til NRK i kveld at det er venta mest snø på Sørlandet, mellom 50 og 60 millimeter i ytre strok, medan det ser ut til å kome rundt 20 centimeter i Oslo.

Det er venta store mengder snø også i Telemark, Østfold, Vestfold og Akershus.

Lokale skilnader

Kommunikasjonsrådgjevar Ivar Engebretsen i NAF.

Ivar Engebretsen i NAF åtvarar på det sterkaste mot å køyre bil med sommardekk torsdag.

Foto: NRK

Det blir lokale skilnader, og intensiteten i nedbøren vil auke på utover natta og morgondagen. Også vinden er venta å ta seg opp utover natta.

Nedbøren vil dei fleste stader kome som sludd, snø eller veldig våt snø. Det kan gi vanskelege køyreforhold, og det er frykt for kaos på vegane under morgonrushet torsdag morgon.

Arbeidet med å salte- eller brøyte vegane er i gang, men det vil ikkje vere mogleg for brøytemannskapa å rydde alle vegar før folk skal på jobb.

Kommunikasjonsrådgjevar i NAF, Ivar Engebretsen, fryktar at mange alt har lagt om til sommardekk. Det har vore vår lenge i store delar av landet, og det er grunn til å frykte at bilistar kan ta sjansen på å køyre torsdag morgon utan å vere skodde for det.

Sjekk veret der du er på Yr.no

– Berre to alternativ

– Det er berre to alternativ for dei som har lagt om til sommardekk. Anten leggje om til vinterdekk igjen før køyringa, eller å late bilen stå, seier Engebretsen til NRK. Elles er rådet å ta det med ro. Kombinasjonen dårleg tid og glatte vegar fører ofte til farlege situasjonar.

NAF og andre selskap som driv med bilberging er i alle fall i beredskap utover natta og morgonen.

AKTUELT NÅ