Hopp til innhold

- Fastlegar kan ikkje reservere seg

Fastlegar har ikkje lov til å reservere seg mot å hjelpe lesbiske med å få assistert befruktning, sier Trond Lode (Sp).

Fertilitetsklinikken
Foto: Solfrid Leirgul Øverbø / NRK

Den siste veka har debatten rast etter at ein lesbisk TV-kjendis vart nekta hjelp til å bli gravid av sin fastlege. Dette skulle ikkje skjedd, seier Lode.

- Ein fastlege kan ikkje nekta å henvisa ein lovpålagt rett som pasienten har, slår Lode fast.

Ny lov fra nyttår

Frå nyttår har lesbiske rett på assistert befrukting når den nye ekteskapslova trer i kraft. TV-kjendisen Cathrine Riise Lilleaas fekk derimot ikkje hjelp då ho kom til fastlegen sin.

Cathrine Riis Lilleaas

Cathrine Riis Lilleaas

Foto: Roald Berit / SCANPIX

-Då eg spurte kva ho tenkte om at eg ønskja å bli gravid, ville ho reservere seg, og eg forstod at ho ikkje ønskja å ha oss som pasientar, seier Lilleaas.

Stortinget vedtok at helsepersonell har rett til å reservere seg mot å hjelpe lesbiske. Men dette gjeld berre på fertilitetsklinikkar og ikkje for fastlegar slik alle trur, seier Lode.

-Eg synes Stortingsvedtaket er klart og tydeleg. At reservasjonsretten berre gjeld der kor assistert.befruktning blir utført, seier han

- Bør sleppe å møte dei

Trass i at han sjølv kom med forslaget, meiner Lode at lesbiske som ønskjer å bli gravide, bør sleppe å møte helsepersonell som på grunn av eige overtyding ikkje vil hjelpe dei:

Nei, eg synes det er litty merkeleg å arbeida på ein slik plass dersom ein har slike haldningar.

For det som skjedde med Catrine Riise Lilleaas bør ikkje skje igjen, meiner Lode.

- Gruer meg

- Eg kjenner jo at eg gruar meg til å møte en nye lege, seier Lilleaas.

Anette Trettebergstuen (Ap) er kritisk til vedtaket i Stortinget - og ho er kritisk til at Senterpartiet gjekk saman med opposisjonen ifor sikra helsepersonell ein slik reservasjonsrett. Ho meiner det ligg ei diskriminering når det er opp til helsepersonell om lesbiske skal få assistert befruktning.

Anette Trettebergstuen (Ap).

Anette Trettebergstuen

Foto: Bjørn Anders Sørli / NRK

- Når sjølv legeforeninga går imot reservasjonsrett, så bør det bli ein politisk omkamp om spørsmålet. Eg skal definitivt ta saka opp på nytt i Stortinget, seier ho.

AKTUELT NÅ