Hopp til innhold

- Ekstremt småleg sjølv av Anundsen!

SVs Audun Lysbakken vil ha svar på om Frp og justisminister Anders Anundsen sitt brev om asylbarna er soloutspel, eller om regjeringa støttar ministeren.

Enslige, mindreårige asylsøkere i Gjerstad

STOPP: – Erna Solberg og regjeringa må fortelje oss om dei stiller seg bak Anundsen sitt syn på mindreårige asylsøkjarar, seier Audun Lysbakken i SV.

Foto: Elisabeth Grosvold

– Dette er ikkje noko anna ekstremt småleg, sjølv til Anders Anundsen å vere. Midt i den verste krisa vi opplever vil justisministeren sende mindreårige asylsøkjarar ut av landet, seier Audun Lysbakken i SV til NRK.

Anundsen vil få ned talet mindreårige
Lysbakken

SMÅLEG: – Vi kan ikkje kaste dei svakaste av dei svake ut av landet, seier Audun Lysbakken i SV.

Foto: Hans Vold Husum/SV

Justisministeren har bede UDI om å undersøkje korleis Norge kan redusere talet på mindreårige asylsøkjarar som kjem inn til landet.

– Vi er opptekne av det ikkje skal bli ein industri for menneskesmuglarar å få einslege mindreårige til Europa. Det hastar med tiltak, for å redusere talet på personar som kjem, seier Statssekretær Jøran Kallmyr (Frp) til Aftenposten.

Justisdepartementet leitar etter akutte løysingar og har difor sendt eit brev til UDI med fleire forslag dei meiner UDI må vurdere.

– At dei vil kaste dei svakaste av dei svake ut av landet i den situasjonen vi er i, kan ikkje vi stå for. Det er svært alvorleg om dette er regjeringa sin politikk, seier Lysbakken.

– No må vi konsentrere oss om dei mange asylsøkjarane som kjem og som treng god hjelp og oppfølging. Det er ikkje aktuelt å gjere innstrammingar på mindreårige asylsøkjarar. Men det er slik at vi må sikre at ikkje familiar sender barn ut på ein slik farefull ferd som er i regi av menneskesmuglarane. Det er farleg for dei som reiser, seier statsminister Erna Solberg til NRK.

Får ikkje støtte frå KrF eller Venstre

erna solberg, siv jensen

SAMD? KrF, Venstre og SV reagerer på justisministeren og hans førespurnad til UDI Om asylbarn. – Statsministeren må kome med sitt syn, seier SV.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Støttepartia reagerer også på førespurnaden i brevet til Anundsen, og kan ikkje stille seg bak ønsket om å redusere talet på barn som kjem aleine til Norge.

Dei påpeikar at innstramming på dette feltet ikkje er ein del av asylavtalen mellom regjeringa, KrF og Venstre.

– Dette er ikkje noko regjeringa har noko politikk på. Dette er eit spørsmål som er stilt til UDI, svarer Solberg.

– Er det ikkje aktuelt å gjere innstrammingar no eller i framtida på dette feltet?

– Vi må alltid diskutere korleis vi kan hindre at barn vert sendt ut i regi av kyniske menneskesmuglarar.

Nokre av forslaga til Anundsen er å finne ut om familien til dei mindreårige som kjem kan sporast opp, om det kan bli gjeve opphald på humanitært grunnlag. Det gjev nemleg mindre rettar enn asyl. I tillegg vert UDI bede om å vurdere om opphaldsløyve kan bli trekt tilbake om ein einsleg mindreårig søkjer om familiegjenforeining.

UDI- direktør Frode Forfang vil ikkje kommentere saka, skriv avisa.

Fryktar menneskesmuglarar
Anders Anundsen

FÅR KRITIKK: Justisminister Anders Anundsen får kritikk frå fleire hald om asylbarnutspel.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

– Anundsen og Frp er uroa over at desse barna er utsette for mennskesmuglarar og vil hindre det seier dei. Er ikkje du uroa for det?

– Alle skulle ønskje at barn ikkje reiste aleine gjennom halve verda for å komme til Europa. Men det løyser ingenting at vi behandlar dei dårleg når dei kjem til oss. Dei er barn. Vi kan ikkje føre ein småleg politikk her. Det er uakseptabelt, svarer Lysbakken.

Justisministeren har tidlegare i år vore i hardt vêr om asylbarn. Han fekk krass kritikk for å ikkje ha informert godt nok om lengeverande asylbarn i Norge.

UDI fortalde fredag at det truleg vil kome 16 000 asylantar til Norge i løpet av 2015, og mange av desse er einslege mindreårige.

AKTUELT NÅ