Hopp til innhold

Jublar over ja til millardprosjekt

Fylkestinget i Troms har sagt ja til å byggja både Bjarkøy- og Langsundforbindelsen. Prislappen blir på 1,5 milliardar kroner.

Glade for ja til veg

Ordførar i Karlsøy, Hanny Ditlefsen, og tidlegare Bjarkøy-ordførar Jorunn Berg jublar over fylkestingets ja til vegprosjekta.

Foto: Jan Riise Pedersen / NRK

Onsdag ettermiddag gav fylkestinget i Troms endeleg grønt lys for å starta bygginga av både Bjarkøyforbindelsen i Harstad og Langsundforbindelsen i Karlsøy.

I dei to kommunane skal det no byggjast bruer, tunnelar og vegar.

Samfunna i Karlsøy kommune og i Harstad har kjempa for vegprosjekta i mange år.

Samla prislapp: omlag 1,5 milliardar kroner.

– No kan det ikkje gå gale

Dersom alt går etter planen, vil det bli byggjestart på dei to vegprosjekta allereie i løpet av hausten.

– Saka om Langsundforbindelsen har vore oppe i 22 fylkesting, eg har vore med på 20 av dei, seier den smilande Karlsøy-ordføraren Hanny Ditlefsen.

– Dette viser at om du har ei god sak, så skal du ikkje gje deg. No kan det ikkje gå gale.

Kva betyr Langsundforbindelsen for Karlsøy?

Den er framtida vår! Endeleg kan me i kommunen vera eit folk, og det vil få store ringverknader for næringslivet, seier Ditlefsen.

Frp-politikar Hanne CS Iversen frå Harstad er også glad for at dei to prosjekta no endeleg ser ut til å bli realisert.

– Me har aldri tidlegare vedteke ei finansiering av Bjarkøyforbindelsen og ein finansieringsplan. Dette gjer at eg no er hundre prosent sikker på at det blir noko av, seier Iversen.

– Verdt kvar krone

Ho meiner at det ikkje er feil å bruka så store pengesummar på å gje relativt få fastbuande vegsamband.

I Karlsøy kommune bur det om lag 2350 personar, og gamle Bjarkøy kommune, som no er samanslått med Harstad, har 461 innbyggjarar.

– Dette handlar ikkje berre om kor mange mennesker som bur på ein plass, men om verdiskaping. Om du tek verdiskaping per hovud i heile øysamfunnet ute på Bjarkøy, så er det verdt kvar krone.

– Kvar dag blir det sendt trailer på trailer til Spania med fisk frå Bjarkøy. Me må sørga for at den fisken kjem fram i god stand, avsluttar Frp-politikaren.

Stortinget vil i juni vedta at det skal brukast bompengar på Langsundforbindelsen.

LES OGSÅ: I dag sier fylkestinget ja til Bjarkøyforbindelsen

Flere nyheter fra Troms og Finnmark