Hopp til innhold

Bedrifter tapar stort på stengt veg

Den stengte fylkesveien 868 på Lyngseidet i Troms fører til store økonomiske tap for bedrifter på Furuflaten.

Haplast Technology AS

Bedrifta vert hardt råka økonomisk av den stengte fylkesvegen.

Foto: Laila Lanes/NRK / NRK

Bedrifta Haplast Technology AS på Furuflaten har vore stengt sidan onsdag.

Årsaka er enkel; tilsette kjem seg ikkje på jobb, fordi vegen er stengt.

Usikkert når vegen kan opnast

Laurdag føremiddag er fylkesveg 868 stengt på grunn av fare for ras på strekja Oteren-Furuflaten, mellom mellom Mælen og Akenes.

I tillegg er strekja Furuflaten-Pollen stengt mellom Oteren og Lyngseidet.

Statens vegvesen vil vurdera situasjonen på nytt klokka 16 laurdag.

LES OGSÅ: – Vi kaller det «dødsøyet» på spøk

Store økonomiske tap

– Vegstenginga fører til full stans i produksjonen og dermed tapar bedrifta mykje pengar, seier dagleg leiar Geir Hamnvik.

– Me tapar i verste fall eit par hundre tusen kroner i døgnet.

Også bedrifta Ecotech på Furuflaten har redusert kapasitet av same årsak, og tapar mykje pengar.

Innfører krisetiltak

Rådmannen sett i gang ei rekke krisetiltak måndag morgon om fylkesvegen framleis er stengt, skriv Framtid i Nord.

– Det blir sett opp skyssbåt med arbeidarar frå Lyngseidet til Furuflaten på måndag, seier rådmann Leif Egil Lintho til avisa. – På returen tek me med personar som har jobb på Lyngseidet, og ungdomsskuleelvar som skal til Eidebakken.

Dersom elevar på vidaregåande skule ikkje kjem seg til Nordkjosbotn, vil det bli undervisning på Lyngseidet, i fylgje Framtid i Nord.

Fredag vart medisinar frakta til Furuflaten, og nærbutikken vil i den grad det blir nødvendig, få inn proviant.

Rådmannen forsikrar at kommunen har kontroll på situasjonen.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark