Hopp til innhold

Til hausten kan du stemme på Ari

I år kan du stemme på prinsegemaler, glamourmodellar og andre kjendisar under stortingsvalet i Nordland.

Ari Behn hos Grosvold

STEM PÅ ARI: Ari Behn står på vallista til Samfunnspartiet i Nordland. Han ville ikkje kommentere dette.

Foto: NRK

Fleire av dei visste ikkje at dei stod på ei valliste.

Frå Aylar Lie til redaktøren i Rana Blad

I dag kan kvar enkelt av oss verte valt til å stå på ei valliste, dersom ein står i manntalet. Vallova ser på det som ei borgarplikt å vere folkevalgt. Den einaste grunnen til å seie nei er at du er medlem av eit anna politisk parti. Samfunnspartiet har teke lova bokstaveleg og skrive opp personar dei meinar passar til partiet.

Aylar Lie

Aylar Lie står på tredjeplass på lista til Samfunnspartiet.

Foto: Eli Bjelland / NRK

På lista til Samfunnspartiet finn du mellom anna Aylar Lie, mest kjent som glamourmodell. Ifølgje Wikipedia.no har ho også spelt inn åtte filmar med pornografisk innhald, og ho vart mellom anna kasta ut av Frøken Norge-konkurransen etter at fortida hennar vart kjent. No finn du ho på tredjeplassen til Samfunnspartiet i Nordland.

Ho seier gjennom assistenten sin Ingeborg Ravensborg at ho ikkje visste om dette.

- Ho tykkjer dette var morosamt, og trudde det var ein litt forseinka aprilspøk. Ho kjem ikkje til å gå vidare me saka, og tek det heile med ein god latter, seier Ravensborg.

Partiet er berømt for å føre opp kjendisar og offentlege personar på listene til stortingsvalet. I tillegg til Aylar Lie står Inge Lønning, Alex Rosen og Ari Behn på lista. Kjendisar som har vorte oppført på lista tidlegare har reagert negativt på det. Tidlegare biskop i Sør-Hålogaland, Øystein I. Larsen stod på lista ved forrige val, noko som førte til stor ståhei.

LES OGSÅ: Førebels liste Samfunnspartiet

Ektemaken til prinsesse Märtha Louise seier til NRK at han ikkje vil kommentere saka.

- Ingen kommentar, seier Ari Behn.

Øystein Meier Johanessen

Grunnleggjar av Samfunnspartiet, Øystein Meier Johannesen.

Foto: Ola Helnes / NRK

Øystein Meier Johannesen er grunnleggjaren av Samfunnspartiet. Meier Johannesen karakteriserer partiet som eit anarkistisk parti. Han sjølv er mest kjent for kontroversielle stunt i samband med markeringa av politiske saker. Han har mellom anna tent på sin eigen bil utanfor rådhuset i Korgen i 2006, og same året plasserte han ei rekkje sauhovud utanfor møtelokalet.

Han fortel at han ikkje har spurt nokre av dei som står på lista.

- Eg følgjer berre vallova. Den seier at det er ei borgarplikt å vere folkevalt, seier Meier Johannesen.

Han fortel mellom anna om grunnen til at Alex Rosèn står på lista.

Alex Rosen og produsent Per Hustad

TULL: - Dette er berre tull, seier Alex Rosèn.

Foto: NRK

- Eg møtte han på Lorry i Oslo for tre veker sidan. Han sa at han godt kunne står på lista til Samfunnspartiet. Eg tykkjer han er rett type mann til partiet. Men eg innser no at intensjonsdjubden i samtalen kanskje ikkje var sterk nok, seier Meier Johannesen.

Og Alex Rosèn på si side side seier at han ikkje kjenner til at han står på lista til samfunnspartiet.

- Eg har ikkje engasjert meg. Dette er berre tull, seier Rosèn.

Høgre-mannen Inge Lønning står på fyrsteplass på lista. Han seier at han ikkje kjenner til at han står på lista, via partikontoret på stortinget.

- Dette er ikkje aktuelt. Eg tek det med ein latter, seier Lønning.

Inge Lønning

Høgre-mannen Inge Lønning står på fyrste plass på lista til samfunnspartiet. Han visste ikkje om det, men seier at han ikkje har skifta parti.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

I følgje Meier Johannesen er det Lønning sitt utanrikspolitiske syn som gjer at han vart valt til å stå på fyrsteplass på lista.

- Lønning er litt storfin, men i dette partiet har me hjartelag. Han deler vårt syn på Israel-Palestina konflikta, difor vil me ha han, seier Meier Johanessen, som samstundes tykkjer det er dumt Lønning ikkje vil skifte parti.

I Oslo og Akershus står mellom anna også Espen Thoresen og Tor Erling Staff på listene.

Lokale redaktørar

I tillegg til desse kjendisane finn me på siste plass redaktørane i Rana Blad og i Fremover. Meier Johannesen seier at Kirsti Nielsen i Rana Blad er ført opp både i Oslo og i Nordland.

- Eg har ført ho opp i eit par fylker, fordi ho er eit menneske med mykje makt, seier grunnleggjar av Samfunnspartiet Øystein Meier Johannesen.

Kirsti Nielsen fortel at det ikkje er fyrste gong ho er ført opp på denne lista.

- Han har ført meg opp før. Dette er ein glede eg gjerne skulle ha vore forutan. Men om han absolutt vil gjere det så får han berre gjere det, seier redaktør i Rana Blad Kirsti Nielsen.

Og sameleis er det for ansvarleg redaktør i Fremover Roger Bergersen.

- Eg ser på dette som ein kuriositet, og var ført opp ved sist val også. Eg har ikkje vorte spurt, og grunna yrket mitt er det jo uaktuelt å vere politikar. Men eg tek dette med ein latter, seier Bergersen.

Grunnleggjaren av Samfunnspartiet Øystein Meier Johannesen seier at han vel folk han meinar kan reprsentere partiet på ein god måte, at dei berre følgjer lova når han skriv folk på lista.

- Når dei reagerer negativt på det tenkjer eg berre på lova. Dei hadde kunna endre lova, slik at ein måtte ha spurt folk. Det har dei ikkje gjort, så me følgjer lova, seier han.

Andre parti med kjente namn

I andre parti har dei kjente namn, som har stilt opp frivillig.

Grunnleggjar og tidlegare medlem av Kystpartiet Steinar Bastesen stiller no på fyrsteplass på lista til det nye partiet Tverrpolitisk Folkevalgte i Nordland. Men det er ikkje berre han som har eit kjent namn på denne lista. På tredjeplass finn me journalist Per Ståle Lønning. Lønning har tidlegare arbeidd i NRK, TV2, P4 og TVNorge. Han var på 90-talet ein av dei heilt store TV-profilane til NRK.

LES OGSÅ: Førebels liste Tverrpolitisk Folkevalgte

Den førebelse lista til partiet Demokratene har tidlegare FrP-politikar Vidare Kleppe på lista. Kleppe står sist på lista, på tolvte plass og er leiar for Demokratene. Kleppe vart kasta ut av Framstegspartiet i mars i 2001.

Generalsekretær i Demokratene Kjell-Arne Sellæg stadfestar at Kleppe står på lista.

- Me har plassert Vidar Kleppe på alle fylkeslistene i dette valet, seier Sellæg.

LES OGSÅ: Førebels liste til Stortingsvalet DEMOKRATENE

Førebelse lister :

Rødt 2009

Norges Kommunistiske Parti 2009

Sosialistisk Venstreparti 2009

HØGRE 2009

Kristeleg Folkeparti 2009

Framstegspartiet 2009

Arbeiderpartiet 2009

miljøpartiet de grønne 2009

Senterpartiet 2009

Kystpartiet 2009

Venstre 2009

Kristent Samlingsparti 2009