Hopp til innhold

– Uklokt av regjeringen å ikkje innføre påbod

Røde Kors er skuffa over at regjeringa ikkje vil innføre påbod om bruk av redningsvest, og får støtte frå fleire organisasjonar.

Redningsvest

Regjeringa vil ikkje innføre påbod om bruk av redningsvest.

Foto: Redningsselskapet

Over 80 prosent av dei som omkom i samband med fritidsbåtulukker i fjor, brukte ikkje redningsvest. Likevel ynskjer ikkje regjeringa å innføre strengare reglar no for bruk av redningsvest.

– Det er viktig å bruke redningsvest, men eit påbod er ikkje vegen å gå, seier næringsminister Monica Mæland.

Røde Kors er svært skuffa over at regjeringen ikkje vil påby folk som er i opne fritidsbåtar å bruke vest.

Monica Mæland

Næringsminister Monica Mæland (H).

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

– Det er uklokt å ikkje ta konsekvensane av ein realitet vi ser. Dei fleste som drukna under fritidsbåtulukker i fjor hadde ikkje vesten på, seier president Sven Mollekleiv i Røde Kors.

– Båtkulturen har endra seg

I dag er det påbod om å ha redningsvest om bord i åpne fritidsbåtar, men det er ikkje påbod om å bruke vesten. Av dei 34 som omkom i fritidsbåtulukker i fjor, brukte berre sju redningsvest. Røde Kors har lita forståing for at regjeringa ikkje strammar inn.

– Vi har fleire mennesker om bord i fritidsbåtar enn tidligare, fleire har større fart og det er ikkje nok å passe på korleis du sjølv opptrer i båt. Du blir oftare utsett for kollisjonar og ulukker som skuldast andre sin adferd enn tidlegare, seier Mollekleiv.

Røde Kors-presidenten peikar også på at færre kan symje no enn tidlegare, og kunnskapen om båtliv og sjøvett er dårlegare hos dei som brukar fritidsbåtar i dag enn før.

Frihet under ansvar

Den sittande regjeringa er ikkje den første som har avvist kravet om eit påbod for bruk av redningsvest. Saka har vore løfta fram fleire gongar av Røde Kors og Redningsselskapet siden midten av 1990-talet. Regjeringa viser til regelverket i andre land, når den no avviser kravet om strengare reglar.

– Eg trur på fridom under ansvar, og oppfordrar alle til å bruke vest. Ingen andre land har eit påbod om å bruke redningsvest. Eit påbod er ikkje vegen å gå, seier næringsminister Monica Mæland.

Over halvparten av den norske befolkninga er kvart år om bord i fritidsbåtar. Over 80 prosent bruker nesten alltid vest. Ein stor del av dei omkomne er vaksne menn.

– Fornuften vil vinne fram

Sven Mollekleiv

President Sven Mollekleiv i Røde Kors.

Foto: Johansen, Erik / Scanpix

Mollekleiv i Røde Kors meiner det handlar om kultur og tradisjonar, når heller ikkje denne regjeringa vil innføre eit strengare påbod. Det var også bråk då påbodet om setebelte i bil vart innført. Men få klagar over dette i dag, seier Røde Kors-presidenten.

– Dette er ein prosess, på same måte som det var ein prosess å påverke folk til å bruke belte i bil. Alle er i dag einige om at når du er i bilen din, då skal du ha på deg beltet ditt. Vi trur difor fornuften vil seire til slutt. Det er ikkje nok å ha vesten liggjande i båten, om du blir kasta over bord, seier han.

Også Redningsselskapet er kritisk til regjeringa. På sine eigne nettsider skriv generalsekretær Rikke Lind at det er trist og skuffande at regjeringa ikkje vil innføre eit påbod om bruk av vest.

– Et påbod ville redda liv. Det var ingen som ville ha påbod om bruk av belte i bil eller sykkelhjelm, men vi ser i ettertid at reglane redda liv i trafikken. Vi meiner redningsvest er samme sak, seier seniorrådgiver Ivar Christiansen
i Norsk Folkehjelp til NTB.

Haldningsskapande arbeid

I staden for å innføre eit påbod om bruk av vest, vil regjeringa satse vidare på å førebyggje ulukker og betre haldningar blant dei som brukar fritidsbåt.

– Vi skal fortsetje den gode innsatsen i det haldningsskapande arbeidet. Denne regjeringa har ikkje tru på at alt kan løysast med nok eit påbod eller forbod. Å påverke folk til gode haldningar og bruk av sunn fornuft er ofte viktigare, seier Mæland.

Mellom anna er Sjøfartsdirektoratet og Redningsselskapet aktive med haldningskampanjar, og gjer ein viktig innsats for å førebyggje ulukker til sjøs, skriv Næringsdepartementet i ei pressemelding.