Hopp til innhold

Felte furu med ørnereir – Anny (63) kan miste alt

Bonden Anny (63) risikerer fengsel, og kan bli tvinga til å legge ned gardsdrifta og leve på trygd frå Nav, etter at ho felte ei furu med eit ørnereir. Rettssaka startar i dag.

Ørneredet i Evenesdal

Anny Unosen (63) risikerer fengsel etter at ho felte eit tre med et kongeørnreir i fjor haust.

Foto: Jim Tovås Kristensen / Fjelltjenesten

Sauebonden frå Evenesdal i Saltdal i Nordland må i dag møte i Salten tingrett, tiltalt for miljøkriminalitet.

Kvinna vedgår at ho i fjor haust felte furua med kongeørnreiret som sto på hennar eigen grunn, men nektar for å ha gjort noko straffbart.

– Ho har innrømma å ha felt treet, men ho ville berre bruke furua til material i fjøsen sin. Ho visste at kongeørna var freda, men oppfatta at reiret var tomt, seier kvinna sin advokat, Torkel Johnsen.

Men ifølgje Fjelltjenesten hadde eit kongeørnar hatt reir i furua i seks år. Kongeørna har vore freda i Noreg sidan 1968, og er framleis ein trua art. Difor slo Fjelltjenesten alarm då dei i sommar, under sin årlege kontroll i dalen, oppdaga at furua var felt.

Ifølgje Fjelltjenesten vart treet felt allereie hausten 2012, men først i sommar skal det ha blitt frakta bort.

(saka fortset under bildet)

 Anny Unosen

Anny Unosen (63) risikerer fengsel etter at ho felte eit tre med et kongeørnreir i fjor haust.

Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRK

Økokrim kopla inn

Politiet sikta kvinna for å ha felt treet med ørnereiret, og Statsadvokatane ved Økokrim tok ut tiltale for brot på Naturmangfaldslova. Politiadvokat i Økokrim Inge Svae-Grotli seier han ikkje godtek forklaringa om at reiret var tomt.

– Saka er alvorleg fordi kongeørna er eit prioritert område for forvaltninga. Då er også reira og reirtrea viktige for arten, og dei brukar reira og trea heile året til å hevde reviret sitt, ikkje berre i hekketida. I slike saker er også det liten risiko for å bli oppdaga, og slik vi ser det i denne saka er det gjort ein målretta innsats for å fjerne treet og reiret, seier han.

Kvinna sin forsvarar Torkel Johnsen er på si side overraska over at ei slik sak har fått prioritet hos Økokrim, og meiner det har blitt ei prestisjesak for styresmaktene.

– Nokon vil kanskje seie at her skyt ein sporv med kanon, og her lempar ein nok inn Økokrim fordi dei ser på det som ei prinsippsak, seier Johnsen.

Risikerer fengsel

Politiadvokat Inge Svae-Grotli i Økokrim.

Politiadvokat Inge Svae-Grotli i Økokrim.

Foto: Økokrim

Brot på naturmangfaldloven blir normalt straffa med bøter, men ifølgje Svae-Grotli risikerer kvinna hardare straff.

– I utgangspunktet er det rettspraksis som peikar i retning av fengselsstraff. Men det er eit tema som vil bli tatt opp under straffeutmålinga, seier han.

Fellinga av treet er heller ikkje det einaste lovbrotet sauebonden står tiltalt for. Ho risikerer også straff for å fleire gonger ha køyrt sekshjuling (ATV) utan å ha sertifikat.

Ifølgje tiltalen skal ho mellom anna ha køyrt mellom bustaden sin og furua, men ho skal også ha køyrt i utmark i samband med ettersyn av sau, og i eit tilfelle på ein skogsbilveg.

– Blir ho dømt, kan ho miste sekshjulingen, og det kan få store konsekvensar for gardsdrifta, seier forsvararen.

– Det var sambuaren som eigde minitraktoren. Etter at han gjekk bort for tre år sidan, har ho klart seg åleine både med sauehald og skogdrift. Men mistar ho minitraktoren kan ho ikkje lenger drive garden og hente ned skog. I praksis betyr det at dei pressar ho inn i Nav-køen, seier advokat Johnsen.

– Men ho har jo uansett ikkje rett til å køyre utan sertifikat?

– Nei, men ho har naboar som har stilt opp for ho. Eg håpar og trur at domstolen lar ho få behalde minitraktoren, slik at naboar kan køyre den for ho når ho treng hjelp, slik at ho kan drive garden vidare, seier Johnsen.

Meiner lovverket er for uklart

Det store spørsmålet under rettssaka i Bodø er korleis lovverket skal tolkast. Torkel Johnsen seier han trur kvinna vil bli frikjent, fordi den nye lovteksten i Naturmangfaldslova er for uklar, og opnar for tolking.

– Den gamle viltlova er oppheva, og så har ein laga ei ny Naturmangfaldslov. Der kan ein tolke ordlyden sånn at ein må skade både dyret og reiret for å kunne straffast. Om den tolkinga er rett, så kan ikkje kvinna bli dømt, seier han.

Men Økokrim meiner lova ikkje er til å misforstå, og dei håper rettssaka vil vise at kongeørna har det same vernet under den nye lova som under den gamle.

– Vi er ikkje samde i at lovteksten er uklar. Det er korrekt at det er ein litt annan ordlyd, men i dette tilfelle meiner vi at det ikkje er noko som gjer saka uklar, seier Svae-Grotli.

Det er sett av to dagar til rettssaka, som startar i Salten tingrett i dag. Johnsen seier kvinna har hatt det tungt sidan saka dukka opp i sommar.

– Dette er ei dame som er nokså tøff, og som har kjempa mot elementa og klart seg sjølv. Men det er klart det er ei belastning å stå tiltalt, og å stå åleine i ei slik sak. Det er noko ho sjølvsagt ville ha slept.

(saka fortset under bildet)

Advokat Torkel Johnsen

Anny Unosens advokat Torkel Johnsen håper tiltalte kan forsette å drive garden.

Foto: Gisle Forland / NRK

Fann skotne ørneungar

Trass i at eit kongeørnar i seks år hadde reir i furua i Evenesdal, har Fjelltjenesten aldri registrert at ørneungar har overlevd hekkeperioden her. Etter at Fjelltjenesten i 2008 fekk tips om reiret, hadde dei årlege kontrollar i området. Sommaren 2012 oppdaga dei at ein ørneunge, som framleis låg i reiret, hadde blitt skoten.

– Vi måtte klatre opp til reiret om lag 10 meter over bakken for å sjå kva som hadde skjedd. Vi såg først restar etter haglskot i to store greiner, og tenkte det måtte vere dødsårsaka.

Men ein veterinær som undersøkte fuglen kunne slå fast at den blei drepen av to rifleskot.

– Den første trefte nebbet, men var ikkje dødeleg. Det andre skotet trefte i hovudet og halsen, og drap den. På seks år har ikkje ein einaste ungfugl overlevd, sa han til NRK i sommar.

Denne saka er ikkje oppklart, men er heller ikkje ein del av rettssaka som går i tingretten denne veka. Men Svae-Grotli i Økokrim seier dette både fortel noko om ørna og om reiret.

– Det fortel meg at ørneparet som brukar reiret år etter år, også utanfor hekketida. Og så fortel det meg at ørna er uønska, og at det tidlegare har vore gjort forsøk på å få ho vekk. Kven som står bak dei lovbrota veit vi ikkje.