Hopp til innhold

Endeleg fekk dei samisk skilt – so var det stava feil

I fleire år har ein kjempa for samiske stadsnamnskilt. I går fekk Fauske endeleg sitt, nedturen var at det var stava feil.

Fauske kommuneskilt

Det lulesamiske skiltet på Fauske er stava feil. Bokstavane o og u har bytta plass frå det politikarane vedtok for to år sidan.

Foto: Fauske kommune / Fuosko suohkan

For over to år sidan vedtok Fauske kommune det lulesamiske namnet Fuossko for byen Fauske. Etter lang venting og purring på vegvesenet, fekk dei i går endeleg skiltet sitt. No kan ein endeleg sei velkommen til "Foussko".

Men det er feil. Det samiske namnet på Fauske, som blei vedteken i 2014, er eigentleg Fuossko.

– Det er no litt artig, men det viktigaste er at Fauske har fått eit skilt, seier innbyggjar i Fauske, Lennart Ranberg.

Lennart Ranberg

NØGD: Lennart Ranberg er nøgd med at det er komen opp eit lulesamisk skilt, sjølv om det er feilstava.

Foto: Simon Piera Paulsen / NRK

– Eg er no glad for at dei rakk å få dette opp før Samefolket sin dag, so kan dei rette opp i det seinare, ler Ranberg.

Vegvesenet beklagar

– Eg tok bilete av skiltet fredag ettermiddag, og så feilen då eg kom heim, seier kommunikasjonsrådgjevar i Fauske kommune, Gull H. Pedersen.

Kommunen hadde planlagt å avduke skiltet måndag, på Samefolket sin dag, 6. februar.

– No må sjå om vi utsett markeringa, seier Pedersen.

Hos Statens vegvesen beklagar seksjonsleiar Hanne Alvsing feilen.

– Det er menneskeleg svikt. Vi er lei oss for det som har skjedd. No må vi få laga eit nytt skilt.

Alvsing håpar det kan væra ordna i løpet av ei veke.

Skiltet i Fauske er det fjerde lulesamiske stadnamskiltet i Noreg.

For snart seks år sidan blei Bodø, eller Bådåddjo, den fyrste byen i Nordland til å setje opp eit samisk skilt.