Norsk fiskeridebatt har for alvor vakna til live etter at Sjømatindustriutvalet leverte rapporten «Sjømatindustrien — Utredning av sjømatindustriens rammevilkår».
Forfattarane er klokkeklare: Tida lokal hausting og foredling av fisken er ute. For at norske fiskeproduktar skal å overleve på ein tøff verdsmarknad må det som hindrar marknadskreftene bort. Med det er dei fleste ballar oppe i lufta: Korleis vil føreslaga deira påverke rekruttering og ei miljøvennleg forvaltning av fisken?
- Les også:
- Les også:
Færre fiskarar
At ein kan styre kvardagen og arbeidet sjølv, og produsere kvalitetsmat det er stor etterspurnad etter, gjer at fiskaryrket har eit godt utgangspunkt for å vere attraktivt for mange unge. Men i dag blir det stadig færre fiskarar i Norge, og gjennomsnittsalderen går opp. Det vil seie: forgubbinga skjer på alle båtar, unntatt dei minste. I den minste kystflåten, som vil seie båtar under 11 meter, er det stor pågang av unge som etablerer seg med eigen båt.
Grunnen? Dei treng ikkje kjøpe dyr kvote som på større båtar. På dei større båtane er det nemleg tillatt å strukturere – det vil seie å kjøpe opp kvotene til andre fiskarar og slå dei saman på båten sin. Det betyr fleire kvoter per båt, men også færre fiskarar.
- Les også:
- Les også:
Viktig rekrutteringsarena
Dei minste båtane er altså ein kjempeviktig rekrutteringsarena for unge fiskar-spirer, men den står i fare med Sjømatindustriutvalgets politikk. Utvalet vil ha friere omsetning av kvoter, og fjerne dagens tak på kor mange kvoter ein kan kjøpe. Det dette vil føre til er det ein har sett på dei store båtane: Kvotene vil gå til dei med størst betalingsvilje.
Prisen på fartøy på som har samla mange kvoter i dag er så høg at ingen unge har råd til å kjøpe dei, om dei ikkje er millionærar. Unge sit ikkje på eigenkapitalen til å finansiere kvotekjøp, og ingen vil gjere seg sjølv til gjeldsslaver for å kome inn i næringa.
- Les også:
- Les også:
Utslepp
Det er ikkje berre ungdommen som er truga her: Sjømatindustriutvalet sin politikk vil gjere at fiskekvotene blir samla på dei største, mest forureinande båtane. Trålarane fiskar i dag med eit CO2-utslepp per fangst som er 4-5 gonger så høgt som kystbåtane under 11 meter.
Viss fiskeindustri og store båtar kan kjøpe opp kvotene til dei mindre båtane, vil det gi oss eit meir klimafiendtleg fiske. Fiskerinæringa står i dag for nesten like store utslepp som all innanriks flytrafikk, og av dette står trålarane og dei store havgåande båtane for ein betydeleg del. Stortinget har vedtatt at norske utslepp skal kuttast med 40 % innan 2030, og at utsleppa skal ned i alle sektorar i samfunnet. Å legge om fisket til å føregå på færre, større båtar som slepp ut meir CO2 per fangst er i strid med målet om å kutte utslepp og stanse klimaendringane.
Kystbåtane er også meir skånsame mot fiskebestandane. Dei bruker passive reiskapar, som juksa, line og garn, som er spesialisert på å fange gytemoden fisk i rett storleik. Havfiskeflåten bruker aktive reiskapar som trål, som til samanlikning fangar meir småfisk. Viss fisket blir lagt om til å føregå på større båtar med aktive reiskapar, vil dette gi større fangst av småfisk, og fiskebestandane vil bli mindre.
- Les også:
- Les også:
Ny fiskeripolitikk
Til hausten skal stortinget utforme ny fiskeripolitikk på bakgrunn av Sjømatindustriutvalets rapport. Natur og Ungdom meiner fiskeripolitikken må basere seg på rettferdigheit mellom generasjonar. Det inneber å sikre fiskebestandane så me kan hauste av eit berekraftig overskot, samt å redusere utsleppa. Me må også sikre at ungdom fortsett har gode moglegheiter for å hauste av dei rike fiskeressursane våre, og skape fornybare, klimavennlege arbeidsplassar langs heile kysten vår.
Utredningen til Sjømatindustriutvalet gir oss ikkje ein slik framtidsretta politikk. Den gir oss ein politikk for dei få aktørane, med mest ressursar, ikkje ungdom langs kysten. Den retninga utvalet vil ta oss i må forkastast, og me må heller satse på den lokale kystflåten ettersom den er vinnaren både for ungdommen og miljøet!