Hopp til innhold

– Frykta han skulle reise til Oslo

Ein kjend kinesisk kunstnar og ein økonom vart i dag nekta å forlate Kina. Årsaka kan vere at kinesiske styresmakter vil prøve å hindre opposisjonelle å reise til fredsprisutdelinga i Oslo om ei veke.

Den kinesiske kunstnaren Ai Weiwei

Samtidskunstnaren Ai Weiwei vart nekta å reise frå Kina i dag.

Foto: PETER PARKS / Afp

Liu Xiaobo

Liu Xiaobo er tildelt Nobels fredspris for 2010.

Foto: - / Afp

Den kjende avantgarde-kunstnaren Ai Weiwei vart stoppa på flyplassen i Beijing då han skulle reise til den sørkoreanske hovudstaden Seoul. Han vart møtt av politifolk på flyplassen som viste han eit dokument der det stod at det ville true Kinas nasjonale tryggleik om han reiste frå landet.

LES OGSÅ: Åpner dørene for eksil-kineserne

LES OGSÅ: – Norge kan vente seg flere utfall

Nasjonal tryggleik

– Dei sa at eg ville true den nasjonale tryggleiken om eg reiste frå landet. Dei var svært høflege, og viste til kinesisk lov. Dette er berre for dumt, seier Ai Weiwei på telefon til nyheitsbyrået Reuters.

Ai Wiwei er sikker på at dette har med fredsprisutdelinga i Oslo fredag om ei veke å gjere.

– Eg er sikker på at dette har med at fredsprisen går til dissidenten Liu Xiabo å gjere. Styresmaktene har hissa seg kraftig opp over dette, seier han.

Geir Lundestad

Geir Lundestad er direktør i Nobelinstituttet.

Foto: Holm, Morten / Scanpix

Direktør i Nobelinstituttet, Geir Lundestad, seier i ein kommentar at han ikkje kjenner til Ai Weiwei, og at han ikkje står på lista over kinesarar som er inviterte til prisutdelinga neste fredag. Men, som han seier, på denne lista er det stort sett kinesarar som er busette i utlandet.

LES OGSÅ: – Vanskelig å opprettholde «vennskapelige forbindelser» til Norge

LES OGSÅ: Ingen Nobel-straff for næringslivet

Ikkje invitert

Det var opprinneleg ei liste med namn på kinesarar som bur i Kina, men dei fleste av desse namna vart droppa fordi det ville vere umogleg for dei å få løyve til å reise til utlandet. Lundestad kjenner ikkje til at namnet til Ai Weiwei var på denne lista, men seier at han i alle fall ikkje har fått invitasjon til fredsprisutdelinga.

Wiwei er ein av dei mest kjende samtidskunstnarane i Kina. Han har blant anna hatt utstillling ved Tate galleri i London. Han var også med på å utforme signalbygget til OL i 2008, det vidgjetne Fuglereiret.

Fugleredet

Ai Weiwei var med på å utvikle det vidgjetne fuglereiret til OL i Beijing i 2008.

Foto: Ola Fagerheim / NRK

Den internasjonalt kjende økonomen Mao Yushi vart også nekta utreise frå Kina i dag, med same grunngjeving som Weiwei, at det ville vere ein trussel mot den nasjonale tryggleiken.

LES OGSÅ: – Norge risikerer veldig mye

Kulturrevolusjonen

– Dette minner meg om kulturrevolusjonen. Når dei snakkar om at eg truar den nasjonale tryggleiken, så brukar dei same logikken som då, skriv han på bloggen sin på Internett.

Kinesiske styresmakter har reagert sterkt på at fredsprisen blir tildelt Liu Xiabo, som no sit i fengsel. Dei meiner han er ein vanleg kriminell, og tildelinga har ført til ei kraftig forverring av forholdet mellom Kina og Noreg.