Hopp til innhold

Tidlegare Nobel-nominert gratulerer

– Eg er veldig glad og stolt, seier bloggaren Lina Ben Mhenni, som sjølv var nominert til Nobels fredspris i 2011 då ho blogga om revolusjonen i Tunisia.

Lina Ben Mhenni, tunisisk blogger

GLAD: Den tunisiske bloggaren Lina Ben Mhenni er stolt over at den tunisiske nasjonalkvartetten får Nobels fredspris.

Foto: LIONEL BONAVENTURE / Afp

– Vi hadde store utfordringar her i landet i 2013, og kvartetten har gjort ein stor innsats for å få demokratiseringsprosessen på glid, blant anna når det gjeld organisering av val, seier Lina Ben Mhenni til NRK.

Bringer håp for landet vidare

På den tunisiske ambassaden i Oslo er dei også svært glade og ikkje minst overraska.

Houyem Hajji, tunisisk ambassadesekretær

OVERRASKA: På den tunisiske ambassaden vart dei overraska over Nobel-kunngjeringa. Her ved statssekretær Houyem Hajji.

Foto: Arne Vatnøy / NRK

– Vi vart veldig overraska og stolte. Det er ikkje lenge sidan vi fekk vite at dei var nominerte til prisen. Vi vil takke alle dei norske organisasjonane og personane som trudde på Tunisia og prosessen der, seier ambassadesekretær Houyem Hajji.

Ho fortel at prisen er svært viktig for Tunisia, og at den fører med seg håp for den vidare prosessen.

Håpefull er også den tunisiske journalisten Bahija Belmabrouk frå Tunisian News agency er svært glad over nyhenda. Ho er denne veka på Lillehammer i samband med konferansen Global Investigative Journalism Conference.

Bahija Belmabrouk, journalist Tunisian News agency

SVÆRT GLAD: Bahija Belmabrouk, tunisisk journalist, ser dette som eit teikn på at dei er på rett veg.

Foto: Inger Marit Kolstadbråten / NRK

– Dette er ei internasjonal anerkjenning av det vi gjorde i den demokratiske overgangsprosessen. Dette er ei stadfesting av at vi er på rett veg, og at vi vil lukkast med denne overgangen, seier ho til NRK.

Både Hajji og Belmabrouk understrekar den viktige rolla til kvartetten med å bringe landet frå vald og stadige angrep til dialog og meir stabilitet.

– No samarbeider dei ulike sidene, høgre- og venstresida og islamistane. Vi har også meir pressefridom, ytringsfridom - politisk fridom! seier Belmabrouk.

Stolte tunisiarar

Dei er ikkje åleine om å hylle fredsprisvinnarane frå heimlandet. Gratulasjonane på Twitter er mange frå landet der den arabiske våren starta. Fleire av revolusjonane i regionen som starta då har seinare fått tilnamnet twitter-revolusjon etter den store aktiviteten blant aktivistar i sosiale medium, spesielt på Twitter.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

SISTE NYTT

Siste nytt