Hopp til innhold

Møt Malalas jentehær i kampen for utdanning

Seks tenåringsjenter står med rake ryggar og store smil om munnen. Dei snakkar engasjert om noko som deira jamaldrande i Noreg tek for gitt: Jenters rett til utdanning i Pakistan, Syria, Nigeria og verda elles.

NOBEL-PRIZE/PEACE-MALALA Nobel Peace Prize laureate Yousafzai greets young women activists who she invited to accompany her, in Oslo

Malala og hennar fem venninner kjemper alle for jenters rett til utdanning. I dag møtte dei pressen på Grand Hotell, dagen før den mest kjente av dei mottek Nobels Fredspris.

NOBEL-PRIZE/PEACE Nobel Peace Prize laureates Satyarthi and Yousafzai react during a news conference in Oslo

Det var ein god tone mellom Malala og Kailash Satyarthi, som begge tek mot Nobels Fredspris i morgon.

Foto: SUZANNE PLUNKETT / Reuters

Det er berre ei av jentene som har vunne Nobels fredspris, men alle kjempar den same kampen. No er dei samla, stolte over at Malala har vunne det som av mange vert sett på som verdas mest ærefulle pris. Prisvinnaren er minst like stolt av sine venninner.

– Desse jentene inspirerer andre jenter til å ta utdanning og lære meir, seier Malala, medan ho introduserer venene sine.

– Me seks står her for å kjempe for alle jenter sine rettar. Og me vil at alle jenter står fram for seg sjølv, trur for seg sjølv og kjempar for utdanning for alle.

– Synd at jentene i Nigeria ikkje er frie

To av dei er Malalas nære venninner frå Swat-dalen i Pakistan, og sat ved sida av Malala då ho vart angripen av Taliban på skulebussen for to år sidan. Dei tre andre har Malala blitt kjent med på sine reiser rundt om i verda.

– Syster mi, Amina, er frå Nord-Nigeria, fortel Malala.

– Me veit alle at 200 jenter er kidnappa av Boko Haram der. Det er veldig synd at desse jentene ikkje er lauslatne, seier Malala.

Amina Yusuf er vaksen opp i eit lokalsamfunn der jenter sjeldan får gå på skule. Situasjonen har ikkje blitt betre dei siste åra med terrororganisasjonen Boko Haram herjande i nabolaget. Ein organisasjon viss namn tyder «Vestleg utdanning er synd».

– Malala er ei god, snill og intelligent jente. Ho jobbar for jenters rettar til utdanning, og no er eg også ein som jobbar for utdanning slik som Malala, seier Yusuf, som i dag er mentor for yngre skulejenter i heimlandet sitt.

«Syriske flyktningars eigen Malala»

I Jordan kjempar ei anna jente for sin rett til å lære. Mezon Almellehan er frå Syria, men bur i ein jordansk flyktningleir, og jobbar for at flest mogleg barn i flyktningleirane skal få gå på skulen.

– Malalas besøk til flyktningleirane har vore inspirerande for meg. Ho har støtta meg mykje, og særskild det at ho er ung og jobbar for jenter og utdanning har gitt meg styrke til å halde fram studia. Å tenke på dei problema som eg og ho møter og har møtt, har gitt meg styrke til å overkomme utfordringane, seier Almellehan.

Almellehan har fått kallenamnet «Syriske flyktningars eigen Malala», fordi ho vandrar frå telt til telt for å snakke med jenter, og få dei til å gå på skulen.

– Alle pakistanarar er litt stolte

Ei anna som var til stades på Grand Hotell, saman med Malala, var hennar landsvenninne Kainat Soomro, som for åtte år sidan vart halden fanga i tre dagar og valdteken. Ho jobbar for å få dømd gjerningsmennene, men tek samstundes mot drapstrugslar.

– Eg har starta opp att å gå på skulen etter at Malala inspirerte meg, seier Soomro, og la til kor stor inspirasjon Malala var i hennar situasjon.

LES OM DÅ NRK MØTTE MALALAS VENER I STORBRITANNIA

Dei to siste jentene har følgt Malala i tjukt og tynt dei siste åra. Begge føler dei sjølve eig ein bit av nobelprisen.

– Eg trur alle pakistanarar føler at dei er ein del av denne prisen. Det er ei ære for ho og det pakistanske folk. Alle er stolte av ho, og me også, seier Kainat Riaz.

Også venninna Shazia Ramzan er stolt pakistanar og venninne i dag.

– Då eg først høyrde at Malala fekk Nobels fredspris vart eg så glad at eg ikkje kunne uttrykke meg med ord. Ho er ei vanleg jente slik som oss, og kjempar for utdanning. Det er ein viktig kamp fordi utan utdanning, så kan du ikkje gjere noko. Og, om Gud vil, så vil me ein dag lukkast i arbeidet vårt, sa Shazia Ramzan.

I kveld er alle jentene samla til ein finare middag på Grand Hotell saman med andre særskild inviterte. I morgon får dei fem venninnene følge Malala frå sidelinja, før dei alle, nokon her og nokon der, reiser heim att for å kjempe vidare.