Hopp til innhold

Klimavenner spyr ut CO2

Hydro og Statkraft skryt av klimaengasjementet sitt i heilsides avisannonser. Samtidig spyr dei same selskapa ut store mengder CO2 som øydelegg klimaet.

Statkraft, faksimile

Annonsen til Statkraft

Foto: Statkraft, faksimile

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

I Aftenposten køyrer både Hydro og Statkraft heilsides annonser for å marknadsføre klimaengasjementet sitt, i samband med fredsprisen til Al Gore.

Men samtidig som dei sponsar ei utstilling om farlege klimaendringar, byggjer Hydro eit forurensande gasskraftverk i Qatar utan CO2-reinsing. Det betyr at millionar av tonn CO2 vil hamne i atmosfæren dei neste åra. Men i Aftenposten skryt Hydro av miljøarbeidet sitt:

"Vi jobber hver dag for å gjøre produksjonen mest mulig skånsom for miljøet."

- Svin på skogen

- Det er ikkje vanskeleg å liste opp klimasvin som Hydro framleis har på skogen, seier Rasmus Hansson i WWF Noreg.

Han meiner at Nobels Fredssenter må tenkje litt på kva slags reklame dei gir til sponsoren sin ved å ta imot slik sponsing frå Hydro.

Det er ikkje vanskeleg å liste opp klimasvin som Hydro framleis har på skogen.

Rasmus Hansson i WWF Noreg

- Nobelsenteret må nok tenke nøye over kor snille dei i røynda er ved å låne bort namnet sitt til Hydro. Dei har eit enormt verdfullt namn som skaffar Hydro eit tillitsnivå som dei knapt nok ville klare å kjøpe seg, seier Rasmus Hansson.

Vil ikkje forurense

Norsk Hydro har eit langsiktig samarbeid med Nobels Fredssenter, og gav mellom anna 15 millionar kroner til oppstarten av senteret. No sponsar Hydro altså senteret si klimautstilling der mellom andre Magne Furuholmen stiller ut eit falleferdig korthus av aluminium.

- Vi meiner at senteret gjer ein viktig jobb i å auke merksemda kring den globale oppvarminga, og slik sett støttar opp om det viktige arbeidet som Al Gore og klimapanelet har gjort. Vi håper så mange som råd kjem og ser denne flotte utstillinga som opnar 12. desember, seier Lars Nermoen i Hydro.

Han stadfestar at Hydro byggjer gasskraftverk utan CO2-reinsing i Qatar, men viser til at det ikkje er råd å få tak i nok vasskraft i Noreg lenger.

- Vi er klar over at verksemda vår set økologiske fotavtrykk, men vi er opptekne av at det avtrykket skal bli så lite som råd, seier Nermoen.

Slepp også ut CO2

Selskapet Statkraft gratulerer i dag Al Gore med fredsprisen over ei heilside i Aftenposten, og seier at dette er "en stor dag for naturen".

Statkraft driv det stort innan rein energi, men er også ein av eigarane til gasskraftverket på Kårstø, som vil spy ut fleire millionar tonn CO2 dei neste åra. Statkraft eig også to gasskraftverk utan reinsing i Tyskland.

Ifølgje miljørørsla er det for tida svært mange selskap som skryt av kor klimavenlege dei er.

- Vi merkar også at interessa for å samarbeide med oss har auka kraftig, seier Rasmus Hansson i WWF.

- Følgjer ikkje opp

Men engasjementet stikk ikkje alltid like djupt. Stiftinga Zero merkar også ein stor auke i klimaskrytet, men meiner selskapa ikkje alltid er like flinke til å følgje opp dei fine orda.

- Nobels Fredssenter gjer sikkert ein god jobb, men no for tida marknadsfører svært mange selskap klimaengasjementet sitt. Og det er vanskeleg å sjå dette att i form av endra oppførsel. Vi vil gjerne utfordre Hydro på dette, for dei har hatt store utslepp og planlegg også framtidige utslepp, seier Zero-leiar Einar Håndlykken.

Norsk Hydro seier at dei gjerne ville ha fjerna CO2-en frå gasskraftverket sitt i Qatar, men ventar på at det blir stilt strengare krav internasjonalt.

- Må handle no

- Per i dag er det ikkje kommersielt lønsamt å reinse CO2. Men dersom det ein dag kjem eit internasjonalt pålegg om CO2-reinsing vil vi også sjå at det blir kommersielt mogeleg, seier Lars Nermoen i Hydro.

Og medan Hydro ventar på det, kan vi sitere reklamen deira i Aftenposten:

"Årets prisvinnere har et klart budskap. Vi må handle nå."