Hopp til innhold

Frå livvakt til statsminister

Han blir kalla «Batman», fordi han køyrer sin eigen eskortebil, har svart belte i karate og har ei fortid som brannmann og livvakt. Bulgarias handlekraftige statsminister Boyko Borisov kjem til nobelseremonien.

BELGIUM-POLITICS-FINANCE-EU-BUDGET-SUMMIT
Foto: GEORGES GOBET / Afp

Han er statsminister for det fattigaste landet i EU. Men har lova folket å endre på dette. På folkemunne blir han kalla «Batman.»

For statsminister Boyko Borisov dyrkar eit image av seg sjølv som ein superhelt som slår ned på korrupsjon og kriminalitet.

Han har ikkje maske og kappe, men Borisov går langt for å stå fram som ein superhelt når han viser seg offentleg, fortel ein lokal journalist NRK har snakka med.

Boyko Borisov og Nicolas Sarkozy

Borisov måtte ta i bruk karatekunnskapane for å roe ned den franske presidenten under eit toppmøte.

Foto: JOHN THYS / Afp

Til dømes likar han å køyre sin eigen eskortebil, med livvaktene på slep.

Ein gong var han livvaktsjåføren til EU-toppane Barosso og Van Rompuy. Med blålys var det statsministeren sjølv som frakta leiaren for kommisjonen og EU-presidenten trygt rundt i Bulgaria.

Han er også ofte å sjå svevande over hovudstaden i helikopter, på veg til opningsseremoniar. Han har prioritert bygging av motorvegar, for å knytte utkanten av EU tettare til Europa.

Og superheltimaget har gjort han svært populær. Han er ein mann av folket, han er rett og slett folkeleg av seg, fortel den lokale journalisten frå hovudstaden til NRK.

«Batman» har jerngrep om pressen

Men journalisten NRK har snakka med vil helst ikkje bli sitert med namn.

For det er ei mørk side ved den røslege bulgarske statsministeren. Han held media i eit jerngrep. Dei største mediehusa er svært forsiktige med å kritisere han. Av og til hender det at kritiske saker blir stoppa med ein sms frå Statsministerens kontor.

Ifølgje tankesmia Freedom House har EU landet Bulgaria den minst frie pressen i Europa.

Og i Wikileaks-telegramma blir han skulda for å ha tette band til organisert kriminalitet. Men ingenting av dette har blitt bevist.

Var ordensvakt på EU-toppmøte

I staden har Borisov skapt seg eit rykte i Europa som ein handlekraftig fargeklatt under dei mange krisemøta i EU.

Og Borisov fekk bruk for musklane sine under eit toppmøte i 2010. Kommisjonsleiar Barosso og den franske presidenten Sarkozy rauk i saman i oppheta munnhoggeri om Romfolket.

Ifølgje nettstaden Euraktiv gjekk Borisov resolutt i mellom for å skilje dei to kamphanane. Etterpå var det han som møtte pressen og roa ned det heile.

Bakgrunn som brannmann og livvakt

Borisov har dei beste kvalifikasjonane for å slå ned på slikt handgemeng. For han er tidlegare bulgarsk landslagssjef i Karate. Sjølv har han svart belte av sjuande grad.

Og då var det naturleg å starte sitt eige tryggingsselskap etter kommunismen. På 1990-talet var han livvakt til størrelsar som Todor Zhikov, Bulgarias tidlegare kommunistdiktator og tsar Simeon den andre.

Tsar Simeon er arving til trona i Bulgaria. Men då han kom heim etter fleire tiår i eksil i Spania, gjorde han ikkje krav på å bli konge. I staden vart tsaren statsminister, heilt til livvakta hans Boyko Borisov tok over jobben.

OBAMA/ Bulgarian

Borisov i møte med Obama

Foto: LARRY DOWNING / Reuters

Under kommunismen utdanna Borisov seg til brannmann. Han har også skrive ei bok om brannsløkking. Noko som trengst når ein leiar det fattigaste landet i den europeiske unionen.

Men Bulgaria har klart seg bra gjennom den økonomiske krisa. Arbeidsløysa er på 12 prosent, halvparten av den i nabolandet Hellas. Veksten i bruttonasjonalprodukt var på moderate 1,7 prosent i 2011. Ikkje verst med tanke på det økonomiske klimaet i Europa.

Verre er det at 30 % av økonomien er svart, ifølgje magasinet Economist.

So sjølv om statsministeren dyrkar eit superheltimage av seg sjølv, klipper snorer og bygger nye motorvegar, er det framleis eit ope spørsmål om han har gjort nok for å kjempe mot korrupsjon.

Vaktbikkjene i EU held eit vaktsamt auge på Bulgaria. Og neste sommar er det val. Då vil nok veljarane felle dom over kor vellukka den tidlegare livvakta har vore som statsminister.

Men eit tiltak har han lukkast med. Han har kjempa gjennom eit svært upopulært røykeforbod i Bulgaria. Målet er å halvere talet på røykarar frå 40 % til 20 % av befolkninga.

Men først skal statsminister Boyko «Batman» Borisov kaste glans over nobelseremonien i Oslo.