Hopp til innhold

– Han fekk meir merksemd på to sekund, enn me har klart på to månader

– Malala, gløym ikkje Mexico. Den unge mannen som storma opp mot Malala ville rette merksemda mot heimlandet sitt, der korrupsjon, narkotika og kriminalitet regjerer. Han får støtte frå fleire meksikanarar som bur i Noreg.

Klipp fra Kveldsnytt

VIDEO: Meksikanarar i Noreg støttar aksjonisten.

Voldelig demonstrasjon i Mexico

Det har vore mange, og til dels valdelege demonstrasjonar i Mexico den siste tida. Folk meiner styresmaktene må stoppe korrupsjonen, narkotikatrafikken og kriminaliteten som pregar landet.

Foto: CARLOS JASSO / Reuters
Roberto Rosales

Roberto Rosales meiner den unge mannen var modig då han sprang mot dei to fredsprisvinnarane. Han håper hendinga skapar merksemd rundt situasjonen i heimlandet, Mexico.

Foto: Tore Linvollen / NRK
MEXICO-VIOLENCE/ Relatives hold pictures of missing students from the Ayotzinapa Teacher Training College Raul Isidro Burgos, during a demonstration demanding the government find them, in Chilpancingo, Guerrero

43 studentar har blitt symbola på problema i Mexico.

Foto: JORGE DAN LOPEZ / Reuters
Mexicanarar i Noreg

Dei tre meksikanarane som er busette i Noreg er overraska, men støtter samstundes den unge studenten. Frå venstre: Roberto Rosales, Daniel Garcia Cabrera og Telma Martha Gomez Murillo.

Foto: NRK
MEXICO-VIOLENCE/ CETEG members restrain a man outside the City Hall during a demonstration demanding the government find of missing students, in Chilpancingo

Ein mann vert stoppa av andre demonstrantar utanfor Rådhuset i Chilpancingo i Mexico.

Foto: JORGE DAN LOPEZ / Reuters

Den unge mannen fekk fram bodskapen sin til Malala, og også til mange andre, då han sprang opp til dei to fredsprisvinnarane under nobelpristildelinga. Med seg hadde han eit meksikansk flagg, og eit ønske om meir merksemd til situasjonen i heimlandet hans.

– Situasjonen i Mexico er såpass alvorleg at det er forståeleg at nokon gjer slikt, seier Roberto Rosales.

To månader – to sekund

Han synest det er modig det den unge mannen gjorde, og støtter målet med aksjonen, sjølv om metoden er diskutabel.

– Eg støtter det han oppnådde, fordi folk treng meir informasjon. Folk på jobb byrja å spørje meg om kva som eigentleg skjer i Mexico, fordi dei veit ikkje kva som skjer der, seier Rosales.

Han får støtte frå Daniel Garcia Cabrera og Telma Martha Gomez Murillo. Dei er alle meksikanarar som bur i Noreg. Sjølv vart dei overraska då dei fekk vite at mannen som hadde sprunge mot Malala var meksikansk.

– Denne situasjonen er overraskande, men eg forstår kvifor han gjorde det. Me har demonstrert fredeleg i to månader, mens han på to sekund klarer å oppnå meir merksemd, seier Cabrera.

Dei tre meksikanarane har sjølv prøvd å få merksemd rundt situasjonen i Mexico ved å gjennomføre demonstrasjonar ved Stortinget, Universitetet i Oslo og ved å sende brev til norske Storting. No håper dei på meir merksemd rundt saka.

– Eg støtter ikkje aksjonen hans. Men han ville ikkje forstyrre, berre vise fram problematikken i Mexico. Eg ser dette frå forskjellige perspektiv, seier Murillo.

LES OGSÅ: Meksikansk ambassadør: – Jeg forstår hvorfor han gjorde det

Fryktar 43 studentar er drepne

Vald, mangel på lov og orden og ei destabilisering av landet har prega Mexico i fleire månader. Tusenar av demonstrantar har vore ute i gatene for å vise kva dei meiner om landets situasjon.

Den utløysande faktoren har vore bortføringa av 43 studentar den 26. september i år, og drap på seks andre studentar. Ein av studentane vart funnen død og forbrent tidlegare denne veka, og det er mykje som tyder på at resten også er drepne og brente opp.

Men bakteppet til demonstrasjonane i Mexico er langt meir komplisert enn berre studentbortføringa.

For tette band

Mange meksikanarar meiner bortføringa er eit bevis på altfor tette band mellom politi, kriminelle organisasjonar, narkotikakartell og styresmaktene over store deler av landet.

Mange politikarar, politifolk og offentleg tilsette står på kartella sine lønningslister, og fleire ekspertar seier at det som skjer i Mexico er statleg driven vald.

Mellom anna har den tidlegare ordføraren i byen kor studentbortføringa fann stad blitt arrestert og mistenkt for innblanding av bortføringa. Mexicos riksadvokat meiner at ordføraren gav ordre om å få bort studentane, fordi ordføraren frykta at studentane skulle forstyrre ein tale som kona hans skulle halde same dag.

Meiningsmålingar visar at meksikanarar ser på kriminalitet som landets største utfordring, framfor både arbeidsløyse og fattigdom.

Meksikanske styresmakter har dei siste vekene forsøkt å gi eit svar til dei mange demonstrantane som har marsjert i gatene, både i Mexico by, men også andre stader i landet.

100.000 drepne i narkokampar sidan 2006

I slutten av november lova president Enrique Peña Nieto at det skulle gjennomførast reformer mot kriminalitet. Mellom anna skal politistyrkane i landet gjennom ei vurdering, og selskap som er blanda inn i korrupsjon skal få kraftigare sanksjonar, lova Nieto.

Sidan 2006 har rundt 100.000 menneske blitt drepne i krigen mellom dei mektige narkokartella, og mellom kartella og meksikanske styresmakter. Ytterlegare 22.000 menneske er sakna.

Få eller ingen har blitt dømde for ugjerningane, og mange menneskerettsorganisasjonar meiner Mexico lir av straffefridom.

Då Nieto tok over som president i Mexico 1. desember for to år sidan håpa han å kunne vende verdas fokus bort frå kriminaliteten, og heller skape meir merksemd rundt landets veksande økonomi. Men to år etter er lite endra.

– Dramaet i Mexico handlar om lovløyse. Det handlar ikkje om popularitet eller upopularitet rundt presidenten. Det er ikkje relevant. Dramaet handlar om kredibilitet og tillit, og til sjuande og sist handlar dette om legitimitet, seier den meksikanske politiske kommentatoren Jesús Silva Herzog til The Guardian.

– Farleg å polarisere debatten

Presidenten har fleire gonger uttrykt sorg og omtanke for dei bortførte studentane og deira familiar. Samstundes har han skulda demonstrantane for å prøve å destabilisere landet og stikke kjeppar i hjula til det nasjonale prosjektet som styresmaktene prøver å få til.

Politisk kommentator Herzog meiner presidentens retorikk kan vere skadeleg.

– Det er farleg å bruke ord som dette fordi det polariserer debatten. Løysinga må finnast ved å anerkjenne den legitime bakgrunnen for denne kollektive irritasjonen. Landet har gode grunnar til å vere sinte, meiner Herzog.

Så langt har demonstrasjonane i Mexico stort sett vore under kontroll, men problema med korrupsjon, kriminalitet og drap er det mexicanske folk på ingen måte kvitt.