Spenstige kast og vare tonar

LEIK PÅ KAPPLEIK: Hallingjenter og gutar yrer av liv og ynskjer velkomen til Geilo, Landskappleik 2007.
Foto: Tone Jorunn Tveito/NRKDøgnet rundt fram til sundag, er heile folkemusikkeliten samla på Geilo for å tevle i spel, kveding og dans.
Publisert 29.06.2007 16:02.
- Skriv ut

HUMORSNERT: Aasmund Nordstoga frå Vinje toppa vokal klasse B og har faktisk klart å bli A-klassing, sjølv om han bare har deltatt på landskappleik to gonger.
Foto: Tone Jorunn Tveito/NRKOver 1200 deltakarar er påmeldte og i Hallingdal yrer det av folketonar.
- Velkomen til Geilo, Landskappleiken 2007!
Brølet kjem frå gutane i hallingdrakter på hjørnet av Geilohallen. Dei har akkurat vore med på opninga av Landskappleiken og adrenalinet brusar framleis.
Ikkje dårlegare blir det når dei har fått svive med alle dei finaste hallingjentene i stakkar.
Leik sidan 1923
Landslaget for Spelemenn har arrangert landskappleik sidan 1923, bortsett frå dei fem krigsåra. År etter år kjem dei same folka att, men likevel er det alltid nye fjes å møte.
Fornøgd var den gamle kappleiksveteranen Arne Fjeldstad for at han fekk kome her.
- Hjertespesialisten skreiv meg ut frå sjukehuset for at eg kunne kome på Landskappleiken, smiler han og gler seg til å spele i lagspel fredag.

STILLFERDIG: Ellen Marien Selland Geithung frå Voss hadde ei var, mjuk og stemningsfull formidling i vokal klasse B.
Foto: Tone Jorunn Tveito/NRKFår håpe at slåtten ikkje er hjerteskjærande!
Telemark toppar
Vokal klasse C, B og D vart unnagjort på onsdag og telemarkingar toppa alle tre klassene.
- Eg har heltar; A.O. Vinje og Talleiv Røysland er to av dei. Eg har pugga og pugga tralling i fjoset, så kyrne slutta nesten å mjølke, ler Aasmund Nordstoga idet han går ut bak scena for vokal B.
Ikkje overraskande stakk han av med seieren. Men overraskande var det heller ikkje at Ellen Marie Selland Geithug frå Voss kom høgt opp. 28 år gamal, men fyrste gong på Landskappleik. Var, mjuk og stemningsfull formidling.
30 siste festival
- - Den viktigste festivalen
- - Fantastisk innsats
- Status: Velsmurt Quo
- – Publikum var fantastisk
- Tårevåt prisvinner
- Over 10 millioner i overskudd
- Festivaler i storm og medvind
- Selger billetter «som hakka møkk»
- Tid for kammermusikkfestival
- Super Chickan vant bluespris
- Hove - best i Europa!
- Motorpsycho feirer Moldejazz
- Fra «True Blod» til magedans
- En lun aften
- P.I.L.S. for Gustav Lorentzen
- Sengetegneren Watts kom!
- Spennende Bergenfest
- Øya får tvilling i London
- Prince til Roskilde!
- Dobbel Ozzy i Norge
- 60 nye til Roskilde
- - Det blir nok noen endringer
- Status Quo til Notodden
- Belle and Sebastian til Slottsfjell
- Øya med stor tro på M.I.A.
- Klar for konserter
- Vil at alt kan skje på byLarm
- Nominert til omstridt pris
- 36 av 44 festivaler med overskudd
- Blues in Hell i NRK P1
