Hopp til innhold

Om lag 10 mistar jobben i Kristiansund

Oljeserviceselskapet Aibel informerte måndag om at 500 tilsette misser jobben i selskapet. Desse kutta vil også ramme Kristiansund.

Bjørg Sandal

Kommunikasjonsdirektør i Aibel, Bjørg Sandal, bekreftar at om lag 10 tilsette mister jobben ved Aibel i Kristiansund.

Foto: Anne-Mari Flatset / NRK

Av dei 500 stillingane som blir kutta, er det ein stad mellom 230 og 235 personar som må gå i avdelinga til selskapet i Stavanger.

I tillegg blir også avdelingane i Haugesund, Bergen, Kristiansund, Stjørdal og Harstad ramma.

– Slik det ser ut no er det om lag ti som mister jobben i Kristiansund. Kven som mistar jobben er enno uklart. Vi har starta arbeidet med nedskjeringane og dei det gjeld får beskjeden i løpet av våren, seier kommunikasjonsdirektør i Aibel, Bjørg Sandal.

Ho fortel at dei første drøftingsmøta vil kome i gang allereie denne månaden.

– Dei som mistar jobben har som regel ei oppseiingstid på tre månader, seier Sandal.

Tidlegare kutt

Oljeserviceselskapet Aibel har tidlegare nedbemanne kraftig i Kristiansund og mange tilsette har allereie mista jobben i Nordmørsbyen. I fjor mista mellom 45–50 jobben og i 2014 mista 35 tilsette jobben.

Tillitsvalgt i Aibel, Yngve Sjølset

Tillitsvalt i Aibel, Yngve Sjølset, seier at dei tilsette vil bli varetatt på best mogleg måte.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Dei tilsette ved Aibel si avdeling i Kristiansund blei informert om situasjonen på eit allmøte tidlegare i dag.

– Det er aldri koseleg å få ein slik beskjed. Vi har alt vore gjennom fleire slike rundar og 10 personar er om lag 25 % av dei tilsette som er igjen ved denne avdelinga, seier Yngve Sjølset, tillitsvalt ved Aibel i Kristiansund.

Frå å ha vore om lag 220 tilsette er det no berre 55 tilsette igjen ved avdelinga i Kristiansund.

– Dei tilsette tok det tungt, men samtidig har vi forståing for situasjonen. Det er rett og slett for få jobbar i marknaden, seier Sjølset.

Tøff marknad og få jobbar

Sandal seier stillingane som blir kutta er innan kjernekompetansen i selskapet, altså ingeniørar.

– Det er alvorleg at vi må kutte så mange stillingar, og det var ein tung og seriøs stemning blant dei tilsette då beskjeden kom i dag, seier Sandal.

Aibel har totalt 4.300 tilsette, og i løpet av dei siste to åra har nesten 800 mista jobben. Blant anna måtte 100 tilsette i modifikasjonsavdelinga i selskapet gå før jul.

– Marknaden er dårlegare og vi har få nye prosjekt. Dermed må vi tilpasse talet på tilsette i forhold til den arbeidsmengda vi har. Det er vanskeleg, men nødvendig, seier ho.