Oddgeir Bruaset
Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Redaksjonell rekneskap for NRK Møre og Romsdal

NRK Møre og Romsdal hadde eit svært spanande år i 2015. Gullruten var berre eitt av høgdepunkta.

Innhaldsoversikt:

1. Høgdepunkt 2015

2. Dei vanskelege vala

3. Dette er NRK Møre og Romsdal

4. Val 2015. Kva gjorde vi i vårt fylke?

5. Oppslutning om tilbodet vårt

6. Kva NRK Møre og Romsdal ønskjer å vere

---------

Publikum i Ulsteinvik

NRKs sommarbåt besøkte Ulsteinvik og Molde 2015 og vart tatt godt i mot.

Foto: Silje Steinnes Bjerknes

1. Store saker og satsingar i 2015

Remi Sagen

Når akuttkirurgien står under press ved lokalsjukehusa, vil NRK Møre og Romsdal vise kva debatten eigentleg handlar om. Då må vi inn på operasjonsstovene. Dette er fotograf Remi Sagen.

Foto: Frode Berg / NRK

NRK Møre og Romsdal skal vere i tet på dei store og viktige sakene i Møre og Romsdal. 2015 var eit år der nokre enkelttema var med å prege nyheitsbiletet i regionen, og desse sakene blei mykje dekt i tilbodet frå NRK Møre og Romsdal på nett/mobil, radio eller tv.

Sjukehussaka

I første del av 2015 var bråket i det lokale helseføretaket og rundane i kontrollkomiteen på Stortinget om plasseringa av det nye, fellessjukehuset for Romsdal og Nordmøre, eitt tema som står fram i mengda og som vi har følgd tett. Det same var den gryande krisa i oljenæringa, ei krise som gjennom året har ramma fleire lokalsamfunn i fylket hardt i form av permitteringar og nedbemanningar.

Tall Ships Races

Sommaren 2015 var seglskutefesten Tall Ships Races i Ålesund eit høgdepunkt blant dei større kulturarrangementa i Møre og Romsdal, det same var den enorme interessa for artistane på Jugendfest i august. NRK prioriterte å sende direkte frå fleire store og små kulturarrangement gjennom sommaren. Sommarbåten til NRK besøkte Molde og Ulsteinvik, og greidde å samle folk både på bryggjekanten og på turen til og frå hamnene.

Skutene i The tall ships races drar fra Ålesund - sett fra Fjellstua

Sommaren 2015 var Tall Ships Races eitt av høgdepunkta.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Kommune- og fylkestingsvalet

Valg debatt

NRK Møre og Romsdal køyrde blant anna direkte valdebatt frå kulturhuset Plassen i Molde.

Foto: Terje Reite / NRK

Kommune- og fylkestingsvalet er eit anna og viktig høgdepunkt frå 2015, og den største enkeltsatsinga til NRK Møre og Romsdal gjennom året. Vi har aldri før vore så tett på utviklinga i store saker i den lokale valkampen som i 2015.

Valgomaten vi laga med lokale spørsmål og problemstillingar blei mykje brukt, vi hadde temasending i samarbeid med dei andre mediehusa i fylket, og vi hadde byduellar om viktige tema i den lokale valkampen i Kristiansund, Molde og Ålesund. NRK Møre og Romsdal samla tradisjonen tru lokalpresse og – parti til felles vake på valkvelden, og hadde også direkterapportar i nett-tv sendinga vår frå fem ulike stader på valnatta.

Kommunereforma

Det enkeltemnet vi nok har hatt mest saker om gjennom heile 2015, er omorganiseringa av Kommune-Noreg. Prosessen rundt og diskusjonane om kommunereforma rundt om i Møre og Romsdal har vi hatt mange saker om på radio og nett, vi har hatt direkterapportar frå viktige møte undervegs i prosessen og vi har også hatt enkelte reportasjar i vår lokale tv-sending.

Klassequizen

Finalen i Klassequizen i Møre og Romsdal 2015

Dette er frå fylkesfinalen i Klassequizen 2015 i Møre og Romsdal. Programleiar er Sara Lovise Roaldseth. Smøla vann Klassequizen 2015 i Møre og Romsdal.

Foto: Charlotte Ervik / NRK

NRK Møre og Romsdal har saman med dei andre distriktskontora opplevd stor interesse blant ungdomsskulane om å delta i kunnskapskonkurransen Klassequizen. Prosjektet blei gjennomført med 33 deltakande klasser frå heile fylket, og 10.-klassingane frå Smøla ungdomsskole gjekk til slutt av med sigeren og gjekk med det vidare til den nasjonale finalen som blei sendt på NRK1.

Også i 2016 arrangerer vi sjølvsagt Klassequiz og fylkesfinalen går onsdag 16. mars.

Gullruten

Oddgeir Bruaset får heidersprisen

Oddgeir Bruaset får tildelt Gullrutens heiderspris i Grieghallen i mai 2015.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Eit anna høgdepunkt frå 2015 var då vår mangeårige medarbeidar Oddgeir Bruaset, blei tildelt Gullrutens heiderspris i Grieghallen i mai. Bruaset fekk prisen mellom anna for arbeidet med å fortelje historiene til nokså ukjende folk og på heller ukjende stader rundt om i landet, i serien Der ingen skulle tru at nokon kunne bu.

NRK Møre og Romsdal hadde også fleire program til vurdering i den internasjonale tevlinga for regionale mediehus, Prix Circom, utan å nå heilt opp i den tøffe konkurransen i 2015.

2. Etikk. Dei vanskelege vala

Journalistikk handlar om å gjere val. Pressas etiske regelverk og etikkhandboka til NRK gir oss retningsliner å følge, men ikkje fasitsvar. I redaksjonen til NRK Møre og Romsdal diskuterer vi difor fortløpande etiske problemstillingar ved ulike saker. Det skal vere låg terskel for å ta opp tvilstilfelle med kollegaer eller den redaksjonelle leiinga, og vi har rutinar for å godkjenne saker før vi publiserer.

Det vi kanskje diskuterer mest er grad av identifisering når vi skal omtale ulukker, krimsaker og andre meir ømfintlege emne. Kva bilete kan vi bruke, kva omgrep kan vi nytte i saka?

NRK Møre og Romsdal hadde ingen saker oppe til vurdering av Pressas Faglege Utval i 2015, men får nokså ofte kritiske synspunkt eller spørsmål frå publikum om det vi lagar. Alle som tek kontakt med oss for å klage skal få svar, og faktiske feil vi gjer blir forsøkt retta opp i det mediet dei først blei sendt - utan ugrunna opphald.

Etisk standard

NRK ønskjer å halde ein høg etisk standard i det redaksjonelle arbeidet vårt. Publikum skal vite at NRK arbeider i tråd med dei etiske reglane i pressa. Intervjuobjekt skal føle seg trygge for at dei blir behandla rett i sakene vi lagar. Difor er det eit årleg mål for NRK at vi ikkje skal bli felte i Pressens Faglege Utval (PFU) for dårleg faktasjekking, manglande eller mangelfull imøtegåing av påstandar eller uklare premiss for medverking i sakene.

Per Arne Kalbakk

Per Arne Kalbakk er tilsett som etikkredaktør i NRK.

Foto: Anne Liv Ekroll / NRK

I 2015 har NRK blitt felt for mange gonger i PFU. Utvalet har behandla i alt 15 klager mot NRK, der seks av klagene har resultert med felling og fire med kritikk av journalistikken i NRK. Til samanlikning blei NRK felt i berre to saker i 2014, i to klager knutt til indenfisering av intervjuobjekt. Distriktskontora i NRK blei felt eller fekk kritikk i fire saker.

Ny etikkredaktør

I 2016 vil NRK intensivere arbeidet med redaksjonell etikk. Vi har nyleg oppretta ei stilling som etikkredaktør. I løpet av det første halvåret startar vi eit nytt program for opplæring i redaksjonell etikk. Alle dei redaksjonelle medarbeidarane i NRK skal gjennomgå kurset med tilhøyrande oppfølging.

Stor tillit til journalistikken

Sara Lovise Roaldseth

NRK Møre og Romsdal rykkjer ofte ut på kort varsel. Her gjer Sara Lovise Roaldseth opptak til TV. Fotoapparatet er viktig verktøy for nettjobbinga. Med mobiltelefonen har ho vore direkte på radio.

Foto: Terje Reite / NRK

NRK si årlege profilundersøking viser at publikum har svært høg tiltru til journalistikken i NRK, og vurderer journalistikken som påliteleg. Over 90 prosent av dei spurde i profilundersøkinga meiner at NRK oppfyller ambisjonen om å sende truverdige nyheits-, informasjons- og dokumentarprogram.

Det er avgjerande viktig at vi held ein høg etisk standard i det redaksjonelle arbeidet om vi skal halde oppe ein slik posisjon. I ei tid der sosiale media medverkar til at nyheiter og påstandar kan publiserast utan filter til alle og einkvar, er det viktigare enn nokon gong at ein allmennkringkastar står fram som ein truverdig og påliteleg formidlar av nyheiter og annan informasjon.

3. Dette er NRK Møre og Romsdal

NRK Møre og Romsdal hadde 45 årsverk ved utgangen av 2015. Distriktsredaktøren er ansvarleg leiar redaksjonelt og administrativt. Han styrer avdelinga saman med ein redaksjonssjef med overordna ansvar for innhaldet vi lagar og ein redaksjonssjef med ansvar for teknologi og utvikling. Vi har i tillegg ein administrativ medarbeidar og ein med ansvar for drift av IT-system. Dei øvrige 40 medarbeidarane jobbar enten som reporterar, fotografar, videojournalistar, programleiarar eller teknisk ansvarlege.

NRK Møre og Romsdal

NRK Møre og Romsdal legg stor vekt på å sende direkte frå heile fylket. Her er vi på direkten frå Runde i 18.45-sendinga på NRK1. Vi er heldige som har eit så vakkert fylke å lage historier frå.

Foto: Remi Sagen / NRK

Vi har kontor i Ulsteinvik med ein medarbeidar, vi har tre medarbeidarar i Molde og tre medarbeidarar i Kristiansund. Vi har også eit nettverk av frilansfotografar rundt om i fylket.

Dekningsområdet er heile Møre og Romsdal og dei 36 kommunane frå sør til nord i regionen.

Internett og mobil

Vi har dei siste åra retta stadig fleire av ressursane i redaksjonen mot nett og mobil. Satsinga har handla om å ha bemanning gjennom større delar av døgnet enn tidlegare for å ha eit oppdatert tilbod. Satsingane har handla om å skulere fleire av journalistane i å lage saker for desse formata, og å utvikle spesifikke innhaldstilbod for nett/mobil.

I 2015 har vi tatt i bruk nye innhaldsformat for å gje publikum eit betre og tydelegare tilbod enten det handlar om behov for kort nyheitsoppdatering og rask oversikt, eller fordjuping, gode lesesaker og samanhengar. Nokre av eigensakene blei både svært mykje lest og delt i sosiale medier

Vi har også hatt låg terskel for å sende direkte i nett-tv, og gjennomført både planlagde sendingar og meir spontant når noko spesielt har skjedd. I forkant av fotballsesongen laga vi eiga sending med analysar og aktuelle gjestar, i innspurten av årets 1. divisjon laga vi sending i veksling mellom Ulsteinvik og Kristiansund, der Hødd og Kristiansund begge var i kvalifiseringskampar til eliteserien i fotball. Under valet køyrde vi fellessending i Molde saman med dei andre mediehusa i fylket, og vi hadde også byduellar og ei oppsummerande sending i nett-tv i valkampen.

Sosiale medier

Vi har også brukt ressursar på å bli betre i tilbodet vårt på sosiale medier i 2015, både i form av eige innhald i sosiale medier eller som kontaktflate mot publikum. Vi er mest aktive på Facebook og Instagram, nyheiter legg vi fortløpande ut på Twitter og vi har også testa Snapchat for å sjå kva som fungerer og ikkje.

Sosiale medier

Sosiale medier blir stadig viktigare. Her tek reporter Lena Stette Høyberg selfie saman med Ane Dahl Torp og Kristoffer Joner i filmen «Bølgen».

Foto: Staale Wattø / Sunnmørsposten

Frå seinsommaren og utover hausten har vi hatt ekstra merksemd om kva videoar som fungerer på nett og mobil, og kva form desse bør ha. Vi har hatt medarbeidar på spydspiss-prosjektet til NRK, der nettopp nettvideo har vore under lupa. Satsinga har gitt merkbare resultat på folks bruk av våre videoar på mobil og i sosiale medier. Enkelte av videoane har tatt av og blitt snakkisar.

SoMe-video som viser barn i mørket med refleks. Mye tekst på bildene.

Dette er den videoen frå NRK Møre og Romsdal som fekk størst rekkevidde i solsiale medier i 2015.

Radio

Allan Rune Eikrem

Allan Rune Eikrem kommenterer eliteserien i fotball. På tralla har han utstyret han treng til kvar kamp.

Foto: Gunhild Sætre / NRK

Dei lokale sendingane frå 06-09 og frå 14 til 17 i NRK P1 har hatt stabil, høg oppslutning i heile Møre og Romsdal siste åra. Prosentvis er lyttinga nokså lik i dei ulike delane av fylket, med størst oppslutning på Nordmøre. Det er miksen av innhald i dei lokale flatene vi veit publikum set mest pris på. Lokale nyheiter, aktualitetar, informasjon, sørvis, oppdateringar på trafikk og ver, musikk, underhaldning og godt selskap. Morgonflata er den mest populære med rundt 40 000 lyttarar medan ettermiddagssendinga hadde om lag 30 000 lyttarar på kvardagar i 2015.

Oppslutninga er noko lågare siste året enn tidlegare. Nokre lyttarar flytta til digitalkanalen NRK P1+, andre gjekk til P4. Både vi og andre distriktskontor har opplevd ei slik utvikling, og utover i 2016 tek vi grep på fleire område for å vere endå meir relevant – spesielt for aldersgruppa 40-54 år. Musikken blir gjennomgått i heile kanalen, og vi vil mellom anna ha høgare terskel for å spele ukjend musikk for folk flest om morgonen.

Det redaksjonelle innhaldet og presentasjonen av dette blir gjennomgått slik at vi tilbyr rett type stoff til rett tid på døgnet, og at profilen er til å kjenne att i mengda av kanalar som finst. NRK P1 skal vere ein oppdaterande kanal, du skal vere trygg på at du alltid får siste nytt i NRK P1 om viktige saker lokalt, nasjonalt eller utanriks. Programleiarane får ekstra oppfølging framover og vi vil satse på nokre få stemmer du skal føle deg i godt selskap med gjennom dagen.

TV

NRK Møre og Romsdal har to sendingar i NRK1 på kvardagar; klokka 1845 og klokka 2055. Sendinga har som mål å fortelje dei viktigaste sakene i regionen og vise konsekvensen av desse for folk flest. Vi brukar gjestar i studio eller ute for å utdjupe enkeltsaker eller setje dei i ein tematisk samanheng og vi går direkte med rapportar der noko skjer. Vi har no utstyr for å gå direkte via mobilnettet, breiband og satellitt og kan sende levande bilete direkte frå dei fleste stader i Møre og Romsdal.

NRK Møre og Romsdal

Nytt utstyr gjer det stadig enklare å sende direkte TV frå stadig fleire stader i fylket.

Foto: Remi Sagen / NRK

Alle dei lokale tv-sendingane til NRK fekk ny studiodesign og –dekor i 2015 og i år flyttar vi studio inn i redaksjonslokalet for å sende oftare når noko skjer. Sendingane 1845 og 2055 ligg fast men ambisjonen er å gje publikum eit utvida tv-tilbod gjennom døgnet, der dei sjølve ønskjer å få det – enten det er via mobiltelefonen, via pc eller via fjernsynsskjermen.

Riks

Sherpa

Jannicke Farstad og Hans Olav Landsverk under opptaka til Sherpa-programmet i Nepal.

Foto: NRK

NRK Møre og Romsdal har gjennom mange år levert enkeltprogram og seriar til dei nasjonale kanalane frå NRK, og då i hovudsak fjernsyn. Den meste kjende serien er "Der ingen skulle tru at nokon kunne bu", som vi stod for produksjonen av i 13 sesongar. Denne serien er det no NRK Sogn og Fjordane som har ansvaret for.

I 2015 leverte vi fleire program til Ut i naturen på NRK1. "Tøffe tider for blomsten og bia" blei laga av Ann Eli Nøsen og Roar Strøm, og handla om konsekvensane av at tradisjonelle beitelandskap gror att.

Samlivet mellom blomsten og bia skranter. Livsviktige blomster og insekter forsvinner. Verdens matvareproduksjon står i fare om ikke verdens befolkning ser at noe må gjøres. På Slottet har de hørt nødropet fra blomsterenga, og gjør nå sitt for å bidra til en verdensomspennende redningsaksjon sammen med en fiskebonde i Romsdal og et par fjellbønder på Møre.

Dokumentaren "Sherpa, dei som byggjer stiane våre" av Jannicke Farstad og Hans-Olav Landsverk gjekk i romjula på NRK1 og fortalde historia om sherpa-folket som kjem frå Nepal til Noreg for å restaurere fjellstiar kvar sommar.

Sherpaer steinlegg sti

Ein annan dokumentar stod Frode Berg og Brede Røsjø for. Portrettet av mostandsmannen Joachim Rønneberg blei sendt på NRK1 heilt i starten av 2015, i samanheng med at dramaserien " Kampen om tungtvannet" gjekk på same kanal.

Norsk dokumentar. Bare 23 år gammel ble Joachim Rønneberg plukket ut til å lede kommandosoldatene som skulle stoppe Nazi-Tysklands forsøk på å lage en atombombe. Aksjonen mot tungtvannsfabrikken på Vemork ble gjennomført på en så imponerende måte at den fremdeles er på pensumlisten for dagens spesialsoldater. Nå forteller 95 år gamle Rønneberg hvordan han opplevde den dramatiske aksjonen.

Gunhild Sætre og Øyvind Berge Sæbjørnsen i NRK Møre og Romsdal stod for to riksprogram i 2015, eitt program til Folk-serien på NRK1 om Hallgeir og limousinen, og eitt program til serien Glimt frå Noreg på NRK1 om bedehusbåten Elieser.

Herman Blindheim

Eit nyskapande samarbeid mellom NRK Hordaland og NRK Møre og Romsdal, førte til serien om Severin på Røneset i 2015. Hans-Olav Landsverk har vore fotograf i serien og budd annakvar veke på den veglause garden ved Storfjorden for å følge kvardagen til Severin Rønes. NRK Møre og Romsdal har også hatt ansvar for å publisere innhald til nett og sosiale medier frå serien.

Lær å dyrke grønnsaker.
Jelena har fått Severin til å bli grønnsakbonde på Røneset for første gong i sitt liv. No kjem ho på besøk til helga, og Severin har det travelt med å klargjere åkeren til såing og potetsetting. Men ein aldri så liten vårtur til ein av dei mange nedlagde gardane ved Storfjorden, Djupedalen, må han vel få tid til, eller? (6:6)

Ein radiodokumentar til NRK P2 blei også til i 2015. Sissel Brunstad fortalde den unike historia om familiane som flykta til Island under andre verdskrigen. Programmet var av dei med flest lyttarar i dokumentarflata til NRK P2 i fjor.

4. Val 2015 i Møre og Romsdal

Den største enkeltsatsinga i NRK Møre og Romsdal i fjor var dekninga av kommune og fylkestingsvalet. I tillegg til fortløpande nyheitsdekning i radio, tv, nett og mobil, deltok vi i fleire fellessatsingar NRK hadde under valet. Ei slik sating var den ein valgomat på nett/mobil – ei teneste der folk kunne teste kva parti som låg nærast seg sjølv i viktige lokale saker. Valgomaten blei brukt av over ein halv million menneske det første døgnet etter lanseringa og resulterte også i gode enkeltsaker lokalt undervegs i valkampen.

Lokalt og ungt

Lokalt og ungt var dei to føringane for NRK sitt innhald ved valet hausten 2015. Det lokale perspektivet blei løfta inn i dei nasjonale sakene, og for å nå dei unge blei innhaldet tilpassa denne viktige målgruppa.

Val gå direkte inn i kjerneoppdraget til NRK. I Val 2015 bygde NRK vidare gpå dei beste erfaringane frå Stortingsvalet i 2013. Og med eit kommune- og fylkestingsval blei det naturleg nok eit prosjekt for heile Noreg, og dermed eit val som involverte dei fleste av avdelingane i NRK.

Val debatt

Lokalt og ungt var dei to viktigaste føringane for valdekninga i 2015.

Foto: Terje Reite / NRK

Valgomaten

NRK sine 428 valgomatar, ein for kvar av kommunane i landet, blei ein stor suksess. Valgomaten blei ein realitet etter ein stor, intern dugnad og innsats frå eldsjeler in politisk redaksjon og ved distriktskontora til NRK over heile landet.

Nær 800 000 søkte hjelp i Valgomaten for å få vite meir om kven dei burde stemme på. Forklaringstekstane i årets valgomat hadde meir enn fire millionar klikk, noko som viser at NRK treff godt på målsetjing om å nå både dei unge og dei som søkjer meir kunnskap før dei gjer valet sitt.

Valgomaten er ei teneste i skjeringspunktet mellom bevisstgjering og underhaldning. NRK sin motivasjon til å utvikle tenesta er at dette er ein god og interaktiv måte å orientere seg i det nasjonale og lokale landskapet på.

Næringsliv og gründerverksemd

Val valg debatt Terminalen

Gründerverksemd og næringsliv var tema då NRK1 hadde valsending frå Ålesund.

Foto: Hallstein Vemøy / NRK

NRK peika ut nokre viktige tema vi ville utfordre politikarane om i dei nasjonale valsendingane som var på turne rundt om i landet. Sendinga på NRK1 frå Ålesund hadde næringsliv og gründerverksemd som tema, eit tema vi også laga saker om før og etter sendinga i våre lokale tilbod. Ei anna fellessating var 24-timarsdebattsendinga NRK hadde fredagen og laurdagen før valdagen i september. Her bidro alle distriktskontora med minidebattar om ulike emne. Roar Halten og Eirik Haukenes var inne med korte debattar frå Nordmøre i den nasjonale sendinga.

Samarbeid med mediehus

Valg start Plassen

Val-sendinga frå kulturhuset Plassen i Molde var eit samarbeid med fleire mediehus i Møre og Romsdal.

Foto: Terje Reite / NRK

Saman med dei andre distriktskontora og programmiljøa til NRK på Marienlyst i Oslo, stod vi for over 100 små og store valtilstellingar og debattar rundt om i landet. I Møre og Romsdal samarbeidde vi med Tidens Krav, Romsdals Budstikke og Sunnmørsposten om ei fellessending i starten av valkampen. Sendinga frå Plassen i Molde hadde regionen Møre og Romsdal som hovudtema og kvar redaksjon hadde ansvar for sine tema i sendinga og innleiarar til desse. Skuleklasser frå vidaregåande var med i salen, det same var andre inviterte gjestar og parti.

Vi hadde også byduellar i ettermiddagssendinga på radio. Duellane mellom ordførarkandidatane blei også sendt direkte i nett-tv frå Kristiansund, Molde og Ålesund. Viktige lokale spørsmål var tema i debattsendingane, som blei leia av Bibbi Kjølås. Fredagen før valdagen hadde vi oppsummering av valkampen med partia i fylket, i ettermiddagssendinga i NRK P1 og i nett-tv.

Valvake hos NRK Møre og Romsdal

Valvake i NRK

Valvake i lokala til NRK Møre og Romsdal.

På valkvelden hadde vi tradisjonell valvake i NRK Møre og Romsdals lokale i Parkgata 6 i Ålesund. NRK har i mange år invitert lokal presse og politiske parti til felles valvake og sending, for å oppdatere publikum med resultat og fortløpande kommentarar og analysar av desse. Programleiar i 2015 var Bibbi Kjølås medan Trond Vestre stod for analysar av resultata undervegs i sendinga. Vi sendte i nett-tv frå klokka 2030 til over midnatt og sendinga blei også delt med dei andre mediehusa . I tillegg til å sende frå studio i Ålesund, hadde vi reporterar ute på stader der var knytt ekstra spenning til valresultata. Vi sendte direkte frå Åndalsnes i Rauma, frå Fosnavåg i Herøy, frå Molde, frå Kristiansund og frå ein lokal valvake i Ålesund. Vi har aldri tidlegare sendt direkte frå så mange stader i løpet av valkvelden og fekk gjennom denne satsinga vere tett på spenninga knytt til lokale resultat.

5. Kva gjorde du? Lyttar-, sjåar- og lesartal

Dagleg oppslutnad i % radio og TV 2014/2015

Radio 2014

Radio 2015

TV 2014

TV 2015

Gjennomsnitt totalt daglig dekning % hverdager

33

28.9

23.8

22

NRK Østfold

25.4

23.7

23.4

21.3

NRK Østlandssendingen

24.3

21.7

18.4

16.3

NRK Hedmark og Oppland

37.9

32.9

27

24.2

NRK Østafjells

31

27.9

19.3

18.3

NRK Sørlandet

34.4

30

25.6

24.5

NRK Rogaland

31.5

28.3

20.7

18.8

NRK Hordaland

36.8

31.6

24.3

23.7

NRK Sogn og Fjordane

55

48

32.1

32.8

NRK Møre og Romsdal

40.7

33.4

30.5

28

NRK Trøndelag

39.3

32.6

27.8

25.6

NRK Nordland

39.6

36.8

33.2

32.7

NRK Troms

43.3

38.8

37.4

31.2

NRK Finnmark

41.2

36.6

34.5

31.5

Ekspander/minimer faktaboks

Nettstatistikk Møre og Romsdal

Tal pr. dag

2014

2015

Endring %

Unike brukarar PC

25 911

23 799

- 8

Unike brukarar mobil

10 683

15 267

+43

Sidevisningar

68 289

69 093

+1

Mobilandel sidevisningar

24

33

+37

Saker på riks nrk.no

2

1,5

-22

6. Kva NRK Møre og Romsdal ønskjer å vere

NRK Møre og Romsdal

NRK Møre og Romsdal har ofte levande musikk i direktesendingane. Her er jazzmusikarar frå Sula på besøk.

Foto: Lena Stette Høyberg / NRK

NRK er ein innhaldsprodusent og publisist i verdsklasse. Dette er det nye overordna målet i langtidsstrategien til NRK – eit mål som er løfta fram som det viktigaste å strekkje seg etter for NRK i tida framover, i ein mediemarknad der store konkurrerer mot små aktørar, globale mot lokale.

For distriktskontora betyr målet at vi skal levere i verdsklasse frå kvardagen rundt om i alle landets krokar. Finne dei gode historiene, dei viktige sakene, det relevante frå den rikhaldige regionen vår, og fortelje desse på plattformene publikum bruker og er på gjennom døgnet. Mobil, tv, radio og nett stiller litt

ulike krav til korleis vi skal fortelje historiene, men uavhengig av plattform så er kjerna for oss som mediehus framleis å finne og å fortelje historier.

Oppdraget vårt har tre delar: Vi skal levere nyheiter, vi skal vere tett på det som skjer i regionen vår og vi skal utvikle program eller seriar til dei nasjonale tilboda frå NRK.

Måla våre for 2016-18 er å vere best på å dekkje store hendingar i vår region, vi vil vere med endå fleire med godt innhald på mobilane deira gjennom døgnet, vi skal få fram fleire eigensaker og ta større plass i det nasjonale nyheitstilbodet frå NRK. Vi har også som mål å samarbeide meir med andre mediehus eller aktørar i regionen.