Ana og mor

- Det var sterkt å sjå henne, mi biologiske mor som eg alltid har drøymt om å møte, seier Ana. Dei møtte kvarandre tre gongar under opphaldet i Costa Rica.

Foto: Privat

- Er glad for at eg fann familien min

Ana var førebudd på å bli avvist då ho tok kontakt med sin biologiske familie etter 24 år. – Alle som gjer dette må tenke nøye over konsekvensen, seier leiaren i Adopsjonsforum.

Minutta går sakte. Ana Yasmin Berge (25) står utanfor eit oransje hus med blekktak i ein forstad i Costa Rica. Inne i huset sit mora hennar og gret.

Det var rart og litt ekkelt å høyre henne gråte utan å sjå henne eller vite korleis ho ser ut, seier Ana.

25-åringen er tilbake i heimlandet sitt for å finne sin biologiske familie. Det har gått 24 år sidan ho sist såg mora og kan ikkje hugse korleis ho ser ut. Ho veit heller ikkje om mora vil møte henne etter så lang tid.

Ana yasmin

Slik såg Ana Yasmin Berge ut i 1992 då ho vart adoptert til Ålesund.

Foto: Privat

Eit costarikansk TV-team forbereder mora på kva som ventar utanfor. Etter 20 nervepirrande minutt, kjem ho endeleg ut.

– Då ho kom gåande mot meg, var det som å sjå storesøstra mi, Francini om 20 år.

Oppvekst og sjukdom

I 1992 vart søstrene adoptert av eit ektepar i Ålesund. Saman med to andre halvsøsken vart dei henta frå mora og plassert på ein barneheim to år tidlegare. Halvsøskena flytta etterkvart til faren sin, men barnevernet fekk ikkje kontakt med Ana og Francini sin far. Adopsjon vart einaste moglegheit.

– Eg hugsar veldig lite av tida på barneheimen, seier Ana.

I dag er ho glad for at ho vart adoptert. Kort tid etter at ho kom til Norge, blei det klart at ho er fødd med alvorleg beinskjørheit. Allereie som fireåring hadde ho hatt 400 beinbrot.

Det er rein lukke at det gjekk slik det gjekk. Costa Rica adopterer ikkje vekk born med ei funksjonshemming, så hadde barneheimen visst om sjukdommen hadde eg nok blitt sett på gata.

landsby i Costa Rica

Den biologiske mora budde i eit fattig område i forstaden, Heredia, nord for houvdstaden, San Jose.

Foto: Privat

Det første møtet

Likevel har tanken på familien i Costa Rica vore i bakhovudet gjennom heile oppveksten. I fjor bestemte ho seg for å oppsøke dei.

– Eg har hatt eit fantastisk liv i Noreg med gode foreldre, men eg ville vite om dei biologiske foreldra mine framleis var i live, og om dei ville møte meg, seier ho.

familie i Cista Rica

Det viste seg at Ana har åtte søsken; Francini, fem i Costa Rica og to som vart adoptert til USA. Her er ho saman med to av søstrene og ein nevø.

Foto: Privat

15. mars gjekk den trevekers lange reisa til heimlandet. Heilt tilfeldig kjem ho i kontakt med ein lokal TV-stasjon som vil hjelpe henne vidare. Saman med tolken og TV-teamet reiser Ana til fødebyen, Heredia.

– Vi visste framleis ikkje adressa, og valte å stoppe ei klynge menn som stod i vegkanten for å høyre om dei kanskje visste noko. Det viste seg at ein av dei var onkelen min. Han grein, og det var veldig spesielt.

Onkelen viser veg heim til mora sitt hus. Ho sit på verandaen når dei kjem køyrande, og Ana kan sjå skuggen av henne før ho forsvinn inn i huset.

Var du førebudd på å bli avvist?

– Ja, etter så lang tid såg eg for meg at eg kunne bli møtt med døra i ansiktet.

Slik gjekk det ikkje. Etter det som kjennast som ei evigheit, kjem mora ut. Ho gir dottera ein klem, og slepp henne ikkje på fleire timar.

– Det var ufattelig stort og sterkt å møte henne, mi biologiske mor som eg alltid har drøymt om å møte. Ho fortalte at ho hadde bedt til Gud kvar dag om at ein av oss skulle dukke opp, seier Ana.

Ana yasmin i costa rica

Her er Ana (i midten) avbilda saman med mora, sambuaren og onkelen rett etter det første møtet.

Foto: Privat

Frårår kontakt via Facebook

Øystein Gudim

Leiaren i Adopsjonsforum, Øystein Gudim rår folk om å finne ut mest moglem om adopsjonsgrunn før dei reiser.

Foto: Terje Abusdal

I følge organisasjonen, Adopsjonsforum, er det eit mindretal av utanlandsadopterte som reiser for å finne slektningane sine. I fjor tok 50 personar kontakt med dei om dette, men det finst ikkje tal på kor mange av desse som faktisk reiste. Dagleg leiar Øystein Gudim, rår dei som vel å ta kontakt til å tenke seg godt om.

– Ein bør gjere ein del detektivarbeid før ein reiser. Og ein bør ikkje reise aleine. Dei aller fleste blir tekne godt i mot av den biologiske familien, men ein må vere førebudd på å bli avvist, seier han.

Han peikar på at det kan vere lurt å finne mest mogleg ut om grunnen til at foreldra valde adopsjon. Elles kan ein oppleve at det blir vanskeleg for foreldra når barnet seinare tek kontakt.

– I mange kulturar er det knytt skam til å adoptere vekk barn, og kanskje har dei heller ikkje fortalt familie og vener om barnet dei sende frå seg, forklarar han.

– Difor rår vi heller ikkje folk til å bruke sosiale medier til å opprette den første kontakta, då vener og slekt kan lese det.

Costa rica tur

Ana reiste til Costa Rica saman med tre gode venniner; Jannicke, Sandra og Live.

Foto: Privat

Leita etter faren

Etter møtet med mora, ville Ana gjerne finne faren sin. Det var ikkje like lett. Men etter mykje leiting, fann ho huset der farmora budde.

farmor Costa Rica

- Farmora mi er ei av dei flottaste kvinnene eg har møtt.

Foto: Privat

– Det var slik; eit skritt fram, 500 til venstre. Finn nord, snu deg, sjå ein vanntank og gå 200 meter derifrå. Det er ikkje tull eingang. Vi spurte på restaurantar, butikkar og tilfeldige folk på gata. Ein gong stod vi rett utanfor huset utan å vite det.

Men dei fann fram, og Ana fekk helse på tanter, søskenbarn og si gamle farmor. Faren derimot, fekk ho ikkje kontakt med.

– Han er heimlaus, eit tilvære han har valt sjølv, seier ho.

Han sel heimelaga smykker langs strendene. Ein dag var han på same strand samtidig som eg var der, men det visste eg ikkje.

Ana la ut eit gamalt bilete av faren på Facebook der ho etterlyste han. Familien fortalte at det var tilfeldig når han dukka opp og at han ikkje hadde telefon. Det kunne gå dagar eller månadar mellom kvar gong.

– Berre nokre dagar før eg fann familien, hadde han vore innom. Eg gav litt opp då eg høyrde det, seier ho.

tatovering ana

Faren tatoverte namna på dei to døtrene sine på kvar hand. På høgrehanda har han tatovert 'Ana Yasmin'.

Foto: Privat

Faren tok kontakt

far Costa Rica

Ana møtte ikkje faren sin, men han ringte henne etter at han kom heim.

Foto: Privat

Ho fekk ikkje møte faren, men tilbake i Noreg ringer telefonen. Det er faren som har høyrt om dottera og som no tek kontakt.

– Han snakka fort på spansk, men eg forsto litt av det han sa, seier Ana og ler.

– Det var ei veldig unik oppleving. Han fortalte at han etter adopsjonen forsøkte å finne oss. Hadde barneheimen fått kontakt, hadde eg kanskje levd eit heilt anna liv no.

Same dag som Ana reiste heim til Noreg, hadde faren kjent på at noko hadde skjedd og teke turen heim til familien.

Korleis kjennast det å vere så nære på å møte han?

– Det var veldig synd, men no har eg ein grunn til å reise tilbake. Då skal søstra mi, Francini vere med.

Kva tankar sit du igjen med etter ei slik reise?

– Det har hatt større innvirkning enn det eg trudde. Det var rart å sjå det som kunne ha vore min kvardag.

Ana Yasmin Berge

Ana er sliten etter tre veker i Costa Rica med lange dagar og mykje leiting etter familien. - Det var ein stor draum som gjekk i oppfylling. Det var rart å sjå det som kunne ha vore min kvardag.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy