Hopp til innhold

Warholm med i medaljekampen

Karsten Warholm er på tredjeplass etter første dag av mangekampen i U20-VM. – Heilt konge, seier Warholm sjølv.

Karsten Warholm sprang inn til tida 10.55 på 100 meter, ny personleg rekord med 31 hundredelar, under første øving i U20-VM i Eugene, Oregon i USA. FOTO: Norges Friidrettsforbund/Charlotte Svensen.

Karsten Warholm sprang inn til tida 10.55 på 100 meter under første øving i tikampen i U20-VM. FOTO: Norges Friidrettsforbund/Charlotte Svensen.

Karsten Warholm

Allereie tidleg på 100-meteren hadde Warholm distansert heatet sitt.

Foto: Norges Friidrettsforbund

Warholm har 4238 poeng halvvegs. Russiske Evgeniy Likhanov ligg som nummer to med 4281 poeng, medan australske Cedric Dubler leier med 4329.

Best på 400 meter

Warholm avslutta den første dagen med beste tid på 400-meteren, då han sprang inn på 47.21.

Før det, i fjerde øving, hadde han notert seg med to meter i høgdekonkurransen. Det var sjuande best av dei i alt 34 utøvarane som er med i tikampen i U20-VM.

– Heilt konge, seier Warholm etter ein vel gjennomført dag éin.

Sleit i kulestøyt

Den einaste av dei fem første øvingane som ikkje gjekk veldig bra var kulestøyt. Etter den tredje øvinga låg 18-åringen på sjuandeplass.

– Vi er veldig spente på kuleøvinga. Det er håp om personleg rekord. Forhåpentlegvis blir det over 12 meter, som er målet, sa Hatløy etter to øvingar.

Kulestøyt er langt frå Warholm si favorittøving, og kula landa ikkje på meir enn 11.60 meter.

Persa i lengde

Den svake støytet i kule blei derimot gjort opp for i dei to føregåande øvingane.

I den andre øvinga, lengde, tok Warholm ny personleg rekord både i andre og tredje forsøk. Han hoppa først 7.50, før han slo til med 7.53 i siste forsøk.

Det gjer at Warholm no har hoppa lenger enn alle kvinner gjennom tidene i lengde. Der har russiske Galina Chistyakova verdsrekorden på 7.52 frå 1988.

I lengdekonkurransen, med svært mange gode hopp, blei Warholm nummer fem av dei 34 deltakande frå heile verda.

Etter lengde-delen av tikampen var Warholm i leiinga med 1905 poeng, fire føre Dubler med 1901.

Enorm på 100-meteren

Ein god lengdekonkurranse kom derimot i skuggen av første øving – 100 meter.

Warholm hadde tida 10.90 som bestetid på 100 meter i 2014. 18-åringen frå Ulsteinvik sin personlege rekord var 10.86.

Den rekorden blei smadra: I tikampen si første øving knuste Warholm til med 10.55, ny personleg beste med 31 hundredelar. (Sjå videoen øvst i saka)

Tida heldt til soleklar heatsiger, samt bestetid av alle involverte i tikampen i U20-VM.

Gjennom i alt fem heat var amerikanske Harrison Williams nærast med tida 10.75, medan Cedric Dubler frå Australia hadde tredje beste tid med 10.80.

Etter første øving var Warholm i leiinga med 963 poeng, følgt av Williams og Dubler med 917 og 906.

Karsten Warholm

Warholm sin trenar, Arve Hatløy, følgjer eleven ringside i USA.

– Kjempefornøgd

Trenar til Warholm, Arve Hatløy, var svært fornøgd med eleven etter to øvingar.

– Han er kjempefornøgd med opninga. Spesielt 100-meteren er betre enn venta, seier Hatløy til NRK etter lengde-delen.

Hatløy, som er trenar for Warholm i Dimna IL, sit ringside i Oregon og følgjer med.

Avsluttar med 1500 meter

Warholm tok gull i åttekamp under U18-VM i Ukraina i fjor. I år er han blant medaljekandidatane under U20-VM i Eugene, Oregon i USA.

På plass i USA sa trenar Hatløy til NRK at Warholm gjorde seg kjend med stadion og forholda måndag.

På første dag var tidsskjemaet for tikampen:

  • 100 meter klokka 10.25 (19.25 norsk tid)
  • Lengde klokka 11.30 (20.30 norsk tid)
  • Kule klokka 13.15 (22.15 norsk tid)
  • Høgde klokka 16.30 (01.30 norsk tid)
  • 400 meter klokka 19.50 (04.50 norsk tid)

På andre dag ser tidsskjemaet slik ut:

  • 110 meter hekk klokka 10.00 (19.00 norsk tid)
  • Diskos klokka 12.10 (21.10 norsk tid)
  • Stav klokka 14.00 (23.00 norsk tid)
  • Spyd klokka 17.30 (02.30 norsk tid)
  • 1500 meter klokka 20.17 (05.17 norsk tid).
Warholm verdensmester

Karsten Warholm tok U18-gull i åttekamp under VM i Ukraina i 2013.

Foto: Norsk Friidrett