Hopp til innhold

Volda får ny sentrumsskule

Nye Øyra skule har byggjestart 10. august. Det vart stadfesta av entreprenøren Veidekke i Volda måndag, skriv Møre-Nytt. Den nye skulen skal ha eit areal på 7.400 kvm, og tomta er på 22 daa. Kontrakten med Veidekke er verdt 151 millionar kroner eksklusiv moms, medan heile prosjektet er kostnadsrekna til 205 millionar kroner eksklusiv moms.