Hopp til innhold

- Vindkraft reduserer ikkje bruken av forureinande energi

Vindkraft kjem til å kome i tillegg til gamal og forureinande energi. Dette kjem fram i ein forskingsrapport som Vestlandsforsking har laga.

Vindmøller på Smøla

På Smøla er det plassert ei rekkje vindturbinar.

Foto: NRK

Men dette ville ikkje Olje- og energideparementet høyre noko om, skriv Aftenposten i dag. Stikk i strid med norsk energipolitikk konkluderte forskarane med at totalforbruket av kraft vil auke. Departementet kravde imidlertid at både problematiseringa og svara som forskarane kom med måtte utelatast frå forskingsrapporten.

Vindkraft i staden for kolkraft?

Forskarane i Vestlandsforsking fann ut at det var konflikt mellom turisme og utbygging av vindkraft. Rett nok fann forskarane ut at turistane kunne akseptere ei slik visuell forureining så lenge vindturbinane kunne erstatte forureinande kraft og føre til reduserte klimautslepp.

Forskarane skriv at det er lite truleg at vindkraft kjem til å redusere bruken av forureinande energi. Dei påpeikar at summen av energibruk ikkje er fastlagt på nokon som helst måte.

«Økonomer ved Statistisk sentralbyrå har drøftet disse spørsmålene i flere sammenhenger. De har fremhevet at på kort sikt er det ikke belegg for å hevde at vindkraft kommer til erstatning for annen kraft; for eksempel kullkraft», skriv dei i rapporten.

Olje- og energidepartementet greip inn

Dermed greip Olje- og energidepartementet inn og ville ha desse synspunkta fjerna frå rapporten. Departementet meinte desse vurderingane ikkje høyrte heime i rapporten.

I høyringsnotatet skriv Olje- og energidepartementet følgjande:

«I diskusjonen/konklusjonen tar rapporten flere steder opp spørsmålet om hvorvidt vindkraft faktisk kan sees som et klimatiltak, da vindkraften ikke nødvendigvis erstatter ikke-fornybar energi. Vi mener dette er en problemstilling som ikke hører hjemme i denne diskusjonen».

Møte med tøff tone

I samband med arbeidet med rapporten vart det halde ei rekkje møte. Fleire aktørar ville ha bort dette punktet i rapporten, skriv Aftenposten.

– Dei var veldig kritiske til at det skulle bli sådd tvil om at fornybar energi erstattar fossil energi, seier Carlo Aall som skreiv rapporten. I møte var det ei veldig klar haldning om at dette ikkje skulle vere med i rapporten, seier han til Aftenposten.