Hopp til innhold

Store problem for hurtigbåtar og ferjer

Kraftig vind skaper store problem i fylket, og fleire hurtigbåtar og ferjer er innstilte eller forseinka. Vi har besøkt éi av dei mest utsette strekningane.

Den kraftige vinden skaper problem i dag. Fleire hurtigbåtar og ferjer er innstilte og forseinka, og ei av dei mest utsette strekningane i vestaveret er Seivika- Tømmervåg mellom Aure og Kristiansund.

Vindutsette ferjer slit når vinden bles som verst.

Bjørn Christian Jakobsen

For styrmann Bjørn Christian Jakobsen, og resten av mannskapet om bord M/F Bjørnsund, blir det mange telefonar frå uroa reisande.

Foto: Roar Halten / NRK

– Vinden tok tak i fartøyet, og så blei den skubba inn mot sida. Så vi måtte gå ut og ta retrett, for å så å prøve på nytt igjen.

Styrmann på M/F Bjørnsund, Bjørn Christian Jakobsen, har ingen enkel jobb når vinden bles.

Når NRK besøker M/F Bjørnsund er det kanskje ikkje storm, men forholda er svært krevjande på Tustna-sida av sambandet – akilleshælen og grunnen til at fleire avgangar er innstilte på sambandet.

– Det er vanskeleg å halde ferja inntil kaia når vi har rein vestavind. Så dei verste forholda er vestleg vindretning her på Tustna, seier Jakobsen.

Innstilling etter innstilling

Vêret i fylket gjer at ei heil gate i Kristiansund sentrum må sperrast av, samstundes som ferjesamband etter ferjesamband må innstillast.

Berre onsdag kveld, etter klokka 20.00, har Fjord1 meldt om problem på tre ferjesamband.

«Fylkesveg 669 i Møre og Romsdal: Smølaferga med innstillingar. Avgangen frå Edøya klokka 20.20 og avgangen frå Sandvika 20.45 er innstilt på grunn av sterk vind».

På rute 34 frå Molde til Sekken blir avgang klokka 21.45 frå Sekken og avgang 22.30 innstilt. På sambandet Seivika til Tømmervåg blei avgangar 20.00 og 20.30 innstilt på grunn av vêret.

Nettopp det siste sambandet vitja NRK tidlegare onsdag.

Haavard Knudseth-Michalsen

Passasjer på M/F Bjørnsund forstår at ferja slit i vinden.

Foto: Roar Halten / NRK

– Ikkje den beste staden å ligge

Om bord kimar det stadig i telefonen, for innstillingar og forseinkingar er ikkje nytt for dei reisande på ferjesambandet.

– Vi har fått mange telefonar om vêrforhold, rutetider og slikt gjennom heile dagen eigentleg, seier styrmann Jakobsen.

Haavard Knudseth-Michalsen er passasjer, og forstår at ferja slit i vinden.

– På Tømmervågen brukte den 10 minutt på å kome til kai. Så det er kanskje ikkje den beste staden å ligge i dette vêret, seier han til NRK.

Det er nemleg ei verkeleg konsentrasjonsøving for dei som styrer ferja, spesielt når ein legg til kai.

– Ja, utan tvil, utan tvil, avsluttar Jakobsen.

Ferjekai

Å legge til kai i kraftig vind er langt frå enkelt. Her ved kai i Tømmervåg, Aure.

Foto: Roar Halten / NRK