Hopp til innhold

Ville tilstandar i Molde

Rosenborg-supporterar storma stampuben til Tornekrattet.

Sjå video her

Ville tilstandar i Molde
Foto: Helge Mjelve

- Dette var ikkje noko kjekt syn, seier Helge Mjelve. Han var vitne til at fleire Rosenborg-supporterar utløyste ville tilstandar i Storgata i Molde sentrum.

- Dei var frykteleg aggressive

Politi og ordensvakter skulle geleide Rosenborg-supportarane forbi stampuben til Tornekrattet, 1911, når dei var på veg til Aker stadion for å sjå kvartfinalen mellom Molde og Rosenborg. Men Rosenborg-supporterane braut seg gjennom sperringane og storma over gata.

- Dei var frykteleg aggressive. Eg tvilar på at det er fotballen som kan utløyse noko slikt. Det må ligge noko meir bak, seier Mjelve.

Han seier at Molde-supporterane ikkje var noko betre.

- Molde-supporterane var like gale. Rosenborg-supporterane provoserte dei.

Like etter at Rosenborg-supporterane hadde brote seg forbi politiet storma dei stampuben til Tornekrattet.

- Dei reiv ned gjerda utanfor puben og kolva glasborda som stod der. Eg høyrde det singla når borda knuste, fortel Mjelve.

- Det var hektisk ei stund

Tore Hals ved Nordmøre- og Romsdal politidistrikt seier at politiet hadde kontroll på situasjonen.

- Det sat nokre MFK-supporterar ved sportsbaren 1911, så kom det ein bråte med Rosenborg-supportarar forbi og det oppstod kluss. Kasting av ølglas og slikt, seier han.

Hals kan ikkje bekrrefte at bord vart knust, men han seier at det vart hive ølglas. Fire av dei tilreisande vart pågripne og sett i arresten i Molde politistasjon. .

- Supporterar og supporterar. Dei hadde ikkje på seg supporter-utstyr. Men dei var trønderar, ja, seier Hals.

Dei pågripne vart seinare sett fri og vart med kjernen nordover til Trondheim igjen. Dei vert anmeldt for ordensforstyrrelsar.