Hopp til innhold

Krev at planlegginga av nytt sjukehus stansar

Overlegane i Volda, Kristiansund og Ålesund aksepterer ikkje vedtaket om å bygge nytt fellessjukehus i Molde. Dei vil stanse planlegginga av det nye sjukehuset.

Margaret Sævik Lode og Bent Høie

I dag fekk helseminister Bent Høie høyre kva Margaret Sævik Lode og overlegane ved Ålesund, Volda og Kristiansund meiner om sjukehusvedtaket.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Helseminister Bent Høie er i dag Ålesund og har møtt leiinga og dei tillitsvalde i Helse Møre og Romsdal. Under besøket gav dei hovudtillitsvalde, som ikkje arbeider ved sjukehuset i Molde, beskjed om at dei ikkje ønskjer å vere med på planlegginga av sjukehuset som er vedtatt plassert på Hjelset i Molde.

– Det har vore ein illegitim skinnprosess som har ført fram til dette tomtevedtaket. Difor aksepterer vi ikkje vedtaket om plassering av nytt sjukehus for Nordmøre og Romsdal. Den felles plattforma er øydelagd. Åtvaringane våre blei ikkje høyrde, seier Margaret Sævik Lode som er hovudtillitsvald for overlegane i Ålesund.

Ho uttaler seg på vegner av både Ålesund, Volda og Kristiansund.

LES OGSÅ:

Bente Høie og leiinga i Helse Møre og Romsdal

Helseminister Bent Høie møtte i dag lellinga i Helse Møre og Romsdal og Helse Midt-Noreg.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Tillitskrise

Lode seier til NRK at det ikkje er noko samarbeid frå dei tilsette ved dei tre sjukehusa for å få realisert det nye sjukehuset i Molde.

– Det er ei tillitskrise og det har vore vedvarande uro. Prosessen i samband med dette sjukehuset må stoppast, seier ho.

Då helseminister Bent Høie besøkte sjukehuset i Ålesund blei han møtt med krav om at dei fire sjukehusa i Møre og Romsdal må drivast som i dag.

Det har blitt umogleg å ha tillit til prosessane, seier Lode til NRK.

Dag Hårstad og Bent Høie

Helseministeren hadde også møte med leiinga i Helse Møre og Romsdall og Helse Midt-Noreg.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Avgjerda ligg fast

Helseminister Bent Høie noterte seg kravet, men ser ikkje på kravet om å stoppe prosessen som eit samla krav frå alle som arbeider i Helse Møre og Romsdal.

Avgjerda ligg fast. No må vi arbeide for å kome vidare. Dette vil vere det beste for pasientane i Møre og Romsdal, og det vil vere det beste også for dei tillitsvalde, seier Høie.

God dialog

Konstituert direktør i Helse Møre og Romsdal, Dag Hårstad, seier at helseføretaket toler godt den høge temperaturen.

– Vi har ein god dialog med dei tillitsvalde i heile føretaket og vi må ta inn over oss at det er fire ulike oppfatningar. Vi arbeider no med å få til ein Helse Møre og Romsdal-kultur der sjukehusa blir sett saman, seier Hårstad.

Se dronebilder av Hjelset-tomten HER