Hopp til innhold

Vil setje i verk avbøtande tiltak

Frank Sve fekk måndag gjennomslag i fylkesutvalet for å gje fylkesrådmannen fullmakt til å gjennomføre avbøtande tiltak på ferjesambandet Stranda-Liabygda i turistsesongen, skriv Sunnmøringen. – Fylkesutvalet gav fylkesmannen ei brei fullmakt der han kan setje i gong dei tiltaka som er råd å sette i gong, fortel Frank Sve til avisa, og legg til at det fort kan bli snakk om millionbeløp.