Hopp til innhold

Vil halde fram som AaFK-trenar

Aalesund-trenar Trond Fredriksen er klar for å forhandle om forlenga kontrakt med fotballklubben.

Trond Fredriksen

Aalesund-trenar Trond Fredriksen vil halde fram som hovudtrenar for AaFK.

Foto: Remi Sagen / NRK

Med søndagens siger over Sandefjord har 38-åringen leia Aalesund FK til eliteseriespel også i 2016.

No ventar Fredriksen på eit utspel frå klubben med omsyn til framtida hans som trenar for laget.

– Eg er veldig klar, og det håpar eg at eg viser kvar dag på treningsfeltet, seier han.

– Eg har ein fantastisk jobb

Fredriksen, som var assistenttrenar i AaFK, tok over trenaransvaret for laget då Harald Aabrekk fekk sparken i april etter berre fireseriekampar.

Harald Aabrekk

Fredriksen, som var assistenttrenar i AaFK, tok over trenaransvaret for laget då Harald Aabrekk fekk sparken i april etter berre fireseriekampar.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Trond Fredriksen og Karl Oskar Fjørtoft overtok trenaransvaret først som ei mellombels løysing med Fredriksen som hovudtrenar. Aalesundveteranane fekk i utgangspunktet tilbodet om å stå i jobben fram til 1. juni i år, men etter kvart fekk dei to tilbod om å halde fram som trenarar ut sesongen.

Fredriksen innrømmer at han trivast godt i trenarrolla.

– Det er ei stor glede å vere trenar for laget og eg setter pris på å kunne jobbe saman med dei andre trenarane og spelarane, seier han.

No ønskjer Fredriksen å vere med vidare.

– Eg har ein fantastisk jobb. Eg står opp om morgonen og gler meg til jobb kvar dag. Det ønskjer eg å gjere også i framtida, seier hovudtrenaren.