Hopp til innhold

– For oss handlar camping om fridom, ikkje Rød Mix og grilldress

Turistane har spreidd seg som entusiastiske maur i den famøse turistbygda Geiranger. Nokre omfamnar den stereotypiske turistrolla, medan andre kjemper hardt for å ikkje bli assosiert med grilldress, hawaiiskjorter og digre filmkamera frå Japan.

Collage

Turistar kjem i alle mogelege formar og fasongar. Enkelte trivst med å vere ordentleg turist, medan andre ikkje vil bli stigmatisert som «harry».

Foto: Lena Høyberg / NRK

Turister og cruiseskip i Geiranger

Kvar sommar kjem rundt 700 000 turistar til Geiranger. Mange av dei kjem med cruiseskip.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Vi er midt oppi den travlaste turisttida. Strålande sol og klamme temperaturar dreg folk til den vakre naturen i Geiranger. Denne sunnmørsbygda er nemleg langt frå beskjeden, og med gjetord kjem også turistane.

Utanlandske nettstader skildrar Geirangerfjorden med adjektiv som fruktbar, elegant og majestetisk. Det får turistskipa til å nærmast gå i kø innover fjorden. Andre vil helst ha føtene på land, og kjem med campingbilar, motorsyklar eller eldre varebilar med skummadrassar i bagasjerommet.

Den typiske turisten

Geiranger Camping

Desse campingbilane tilhøyrar dei to vennepara frå Sørlandet. Dei klarte å sikre seg ein av dei beste plassane på campinga.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Også var det desse turistane då. Kvar og ein passar som regel inn i ei nisje. Campingturisten, cruiseturisten, buss og gruppereisande, dei lokale dagsturistane eller lågbudsjetturisten som tek enten føtene, sykkelen eller haiketommelen i bruk.

Vil ha vekk grilldress-stempel

Nede ved vasskanten på Geiranger Camping står to blanke campingbilar. Lite minner om lågbudsjett og grilldress. Vennepara frå Lillesand har sett bilane tett saman, og laga til eit fellesområde midt mellom doningane. Der sit Arne, Betty, Wiggo, Brith Helén og hunden Maya. Alle er ekte campingentusiastar.

– Campinglivet er stigmatisert, og ein skal vel helst ha på seg matchande dressar medan ein røykar Rød Mix. Men for meg handlar camping om fridom. Ein kan gjere det ein vil når ein vil, fortel Wiggo, som i mange år har reist rundt i både Noreg og Europa på fire hjul.

Mange ser på camping som ein billig utveg. Det meiner sørlendingane at det absolutt ikkje er.

– Campingferie, spesielt i Noreg, er kostbart. Du kan seie at det er ei hytte på hjul. Ein ny bil kan koste mellom ein og to millionar kroner – og ein må rekne med ein del utgifter når ein er ute på tur i tillegg. Men det er verdt det, seier Betty.

Campingturister frå Lillesand på Geiranger camping

F.v.: Arne Hauge, Wiggo Frøysnes, Betty May Engesland og Brith Helén Frøysnes meiner at det beste med camping er fridomen.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Fleksibel på ferie

Det er nemleg dei fire hjula som gjer ferien heilt spesiell. Den fleksible ferien er mykje verdt.

– Det skal ikkje så mykje til for at vi hiv oss i bilen. Vi kom nettopp heim frå fem veker i Spania – og dagen etter vi hadde parkert heime i Lillesand fekk vi telefon frå desse galningane om å fare på tur igjen. Også gjorde vi det, seier Brith Helén.

Wiggo og kona Brith rakk akkurat å vaske sengetøyet før dei sette nasen mot Vestlandet og vakre Geiranger. Dei er kanskje ikkje stereotypiske campingturistar – men dei elskar campinglivet og kjem til å halde fram så lenge som mogeleg.

Sneik seg til den beste utsikta i bygda

Manfred og Karin er campingturister fra Tyskland som nå er i Geiranger

Førre gong Manfred og Karin var i Geiranger var for 18 år sidan. Då hadde dei regnvêr heile tida – denne gongen har dei fått knallvarme.

Foto: Lena Høyberg / NRK
Geiranger

Det er om lag 250 fastbuande i Geiranger, og dei fleste av dei er tilknytt turistnæringa. Geiranger er eit av Noregs mest besøkte turiststader med rundt 700 000 besøkande kvart år.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Berre nokre få meter unna sit to tyskarar på ein molo. Dei har parkert bubilen så langt ute på moloen som mogeleg, og har på den måten sikra seg den beste plassen i heile Geiranger. Klappstolane, campingbordet og potteplanten er plassert yst ute mot sjøen, og mektig natur er alt ein ser.

Campingbilen har sett betre dagar, men det er litt av sjarmen, ifølgje ekteparet Runkel frå Hamburg. Dei har ikkje noko imot å bli sett på som stereotypiske campingfolk.

– Vi har vore her ein gong før med campingbil. Men det er 18 år sidan, og då hadde vi forferdeleg vêr. Denne gongen har det vore perfekt, seier Karin.

Latteren går lett mellom Karin og Manfred når dei fortel korleis dei fekk fatt i den beste utsikta i heile Geiranger.

– Eg trur ikkje at det er vanleg å få stå her. Men alle dei andre gode plassane var opptekne, og når vi såg at moloen var tom så sneik vi oss utpå. Vi spurte så klart dei som eig campingplassen om det var greitt – og det var det. Vi har fått vite at fleire av dei andre camparane er litt snurt, seier Manfred.

Campingturister i Geiranger

Heilt yttarst på denne moloen i Geiranger har Manfred og Karin overnatta. Det må vere ein av dei beste utsiktspunkta i bygda.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Stolte av stereotypen

Cruiseskipa er lasta med turistar frå store nasjonar som Japan, Tyskland og Storbritannia. Dei har lest om den imponerande naturen i Noreg, og kjem hit med forventningar om å segle inn i eit nordisk måleri.

Søstre frå Japan

Søstrene Char (17) og Misa (21) melde seg på båtsightseeing for å få sjå dei flotte fjordane i Geiranger.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Familien Ichinose frå Japan trudde det var så kaldt i Noreg at dei pakka dunjakker med i feriekofferten. Temperaturen har bikka 29 grader i Geiranger, og medan Hiroko ler høgt pakkar ho dei varme kleda ned i sekken igjen.

– Vi reiste hit for å sjå fjordar og fjell – og alt er mykje større enn vi hadde forventa, seier tjueeinåringen Misa.

Den japanske familien sit på ein benk nede ved hamna. Trass i at dei venta låge temperaturar har dei tatt på seg shorts og korterma t-skjorter. Men du ser godt at dei er turistar – og det innrømmer dei med glede.

– Eg trur nok at det er lett å sjå at vi er turistar. Vi tar bilete heile tida, og vi er jo her for å få med oss så mykje så mogeleg, seier Char som meiner at det er noko godhjarta og barnleg over det å omfamne turisten i seg.

Japanske turister i Geiranger

F.v.: Far Yoshiki, mor Hiroko og døtrene Misa og Char liker Noreg godt. Men blei overraska av varmen.

Foto: Lena Høyberg / NRK

Frå Linkjøping til Geiranger på motorsykkel

Gutegjengen er frå ein liten stad utanfor Linkjøping i Sverige. Motorsyklane kan nesten samanliknast med pakkesel. Baggar, klede og soveposar er nøye festa til sykkelen. Dei er ikkje så veldig erfarne sjåførar, men både Jon, Albin og Wille er framleis i live ...

– Eg fekk førarkort for ei veke sidan, men det har gått veldig bra hittil. Vi skulle eigentleg reise rundt i Europa, men også enda vi opp i Noreg i staden. Det er nok litt tryggare, seier Albin og ler.

Dei tre kompisane fortel om den vakre naturen dei har sett på vegen. Dei meiner derimot at Geiranger har overflod av typiske turistar. Dei er einige om at stereotypane er enkle å finne – men sjølv er dei ikkje det.

– Kva syns de om Geiranger da?

– Her er det fint som faen. Slikt finn ein ikkje i Sverige, og for oss som køyrer motorsykkel er det paradis, seier Wille.

Svensker på ferie i Geiranger

Wille, Albin og Jon syns ikkje at dei er typiske turistar.

Foto: Lena Høyberg / NRK