Hopp til innhold

Vil ha synlegare syklistar i trafikken

Har du ikkje skikkeleg lys på sykkelen din? Eller lét du refleksen ligge att heime? Då kan politiet bøtelegge deg.

Erik Hartmann i Trygg trafikk og Kjellbjørn Riise Johansen i politiet

TRYGG: Erik Hartmann i Trygg Trafikk og Kjellbjørn Riise Johansen i politiet vil at syklistar skal gjere seg synlegare.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Trygg Trafikk set i dag fokus på trafikksikkerheit for syklistane, og saman med ambulansefolk, politi, lastebilnæringa og trafikktryggleiksutvalet i fylkeskommunen ønskjer Trygg Trafikk at syklistane tek meir ansvar.

Fylkesleiar Erik Hartmann i Trygg Trafikk seier at lite synlege syklistar er eit kjempeproblem.

– Det utgjer ei stor fare i trafikken. Det er farleg å sykle i trafikken, og enda verre er det utan lys og refleks, seier fylkesleiaren.

To typar syklistar

Han oppmodar derimot ikkje til å la sykkelen stå – men skal den brukast må ein ha piggdekk og gode lys.

Kjellbjørn Riise Johansen i politiet seier at det finst to typar syklistar. Dei seriøse og dei som ikkje er det.

– Dei som brukar sykkelen ofte legg ein del pengar i at sykkelen alltid skal vere i god teknisk stand. Men dei som bruker sykkelen berre til skulen og liknande har det ikkje like mykje på stell. Foreldre er kanskje ikkje flinke nok til å sørge for at barna har skikkelege bremser, lys eller piggdekk denne årstida, seier Riise Johansen.

Dette er krava

Krava er ifølgje politiet at sykkelen skal ha lys både framme og bake, og dei skal visast på god avstand. Sykkelen må også ha gode bremser.

Har du ingen av delane? Då kan politiet ha grunnlag for å gi deg eit forenkla førelegg.

Riise Johansen seier at mange trur at det er nok å bruke refleks, det er det ikkje. Ein refleksvest er for eksempel ikkje så lett å få auge på frå sida.

– Med gjennomtenkte sykkelklede er det lettare å bli sett. Bilistane skal sjølvsagt dele vegen og vere obs, men med dårleg vêr, svarte vegar og tidlege kveldar er det vanskeleg å sjå syklistane, seier han.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL