Hopp til innhold

Vil at beitekravet skal vere som det er

Bondelaget i Møre og Romsdal er kritisk til landbruksministeren som vil endre beitekrava om minst åtte veker i friluft for alle kyr.

Kyr på beite på Holmemstranda i Rauma

Kyrne på Holmemstranda i Rauma trivst godt på beite, men det er ikkje alle mjølkebønder som har like grei tilgang på beitemarker.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Sylvi Listhaug

Landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp) vil vurdere om kravet om åtte veker beite for alle kyr bør lempast på.

Foto: Inger Johanne Ruset / NRK
Arnar Lyche

Arnar Lyche i Bondelaget vil at bøndene skal tilpasse seg beitekravet, sjølv om det byr på utfordringar for enkelte.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK
Magne Mo i Mattilsynet

Magne Mo i Mattilsynet seier ingen bønder har bede om fritak frå kravet om åtte årlege veker med beite for kyra sine.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Landbruksminister Sylvi Listhaug signaliserer at det kan bli endringar – lemping på krava eller fjerning av beitekrav i åtte veker. Statsråden grunngir det med at ho har fått fleire tilbakemeldingar frå bønder på Nordvestlandet om at kravet er urimeleg.

Fryktar vikarierande motiv

– Vi i Bondelaget er kritiske til det. Vi ønsker å tilpasse oss beitekravet, seier organisasjonssjef Arnar Lyche i Møre og Romsdal bondelag.

Han fryktar at det absolutte beitekravet kan stå for fall, og er skeptisk til Listhaug sitt motiv for å endre krava.

– Eg har vel ein mistanke om at det ikkje er enkeltbondens ve og vel som er bakgrunnen for utspelet hennar. Eg trur heller ho ser det som eit hinder for hennar ønske om færre og større bruk, seier han.

Alternative løysingar

Samtidig som han ønsker åtte veker med regelbunde beite velkomen, vedgår Lyche at fleire i bønder i Møre og Romsdal har problem med å innfri det strenge kravet.

– Det er ikkje til å leggje skjul på at det er mange bønder som slit med å tilpasse seg beitekravet. Mange kyr kombinert med dårleg bereevne er ei utfordring, seier han og legg til at det mange stader også er svært bratt i områda ikring driftsbygningane.

– Kan det vere aktuelt å gje unntak dei det gjeld?

– Ja, det vert lagt opp blant anna til at kyrne kan ha eit mosjonsområde utandørs. På den måten kjem dei seg ut i fri luft, utan at dei nødvendigvis får gå på beite, seier han og understrekar at dyrevelferda må framleis stå i høgsetet.

Ingen har bede om fritak

Sjølv om det kan vere tøft for nokon å tilfredsstille beitekrava, så har ikkje Mattilsynet i Romsdal teke imot søknader om fritak.

– Førebels har det ikkje vore enkeltsaker om det, stadfestar distriktssjef Magne Mo.

– Vil det seie at beitekrava ikkje er eit problem likevel?

– Nei, eg trur nok vi har store utfordringar, seier han og legg til at problematikken vil bli prioritert i året som kjem.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL