Hopp til innhold

Vil gjere fjellturen tryggare for turistar

Fleire store norske reiselivsaktørar har gått saman om å utvikle eit nytt kreativt konsept for å sette større fokus på tryggleiken i fjellet.

Besafie

Med klistremerke og lerret som dette vil reiselivsaktørar oppfordre til trygge sjølviar.

Foto: Kjersti Vangerud / visitnorway.com

I 2015 gjorde «fjellfien» sitt inntog, og det blei stadig meir populært å legge ut turbilete i sosiale media. No har Innovasjon Norge/Visit Norway, Røde Kors, DNT og NHO Reiseliv i samarbeid utvikla kampanjen #besafie. Fjellvettreglane ligg til grunn for konseptet der målet er å få alle som ferdast ute i naturen til å tenke på tryggleiken og ta riktige forholdsreglar.

– Bakgrunnen for kampanjen er å lære turistane sunt fjellvett i forhold til det å oppleve naturen på ein trygg og god måte. Det ønskjer vi å gjere ved hjelp av sjølvitrenden og emneknaggen #besafie, seier Haaken Christensen i Innovasjon Norge.

Trygge «sjølviar»

Ulike klistremerke eller lerret blir difor hengt opp på forskjellige turistplassar, hotell og turisthytter rundt om kring i Noreg, med bilete av dramatisk norsk natur.

Trolltunga og Preikestolen

Slike bilete vil dei unngå.

Foto: asse Thorkildsen / Erik Waage / NRK

– Det er mellom anna bilete som er tatt frå toppen av fjell. På denne måten kan turistane ta bilete av seg sjølv med norsk tøff natur i bakgrunnen, utan at dei utset seg sjølv for fare, seier Christensen.

Alle dei trygge sjølviane blir publisert på nettsidene til Visit Norway.

– Vi kjem ikkje til å legge ut ekstreme bilete der folk har gått ut på kanten av Trolltunga eller Preikestolen, det er ikkje trygt. Vi ønskjer å vise at ein kan ha opplevingar i naturen som er trygge, seier Christensen.

Meir om kampanjen kan du sjå her:

Vil hindre ulukker

Reiselivsaktørane vektlegg at det har vore ei auke i ulukker i naturen, og at dei ønskjer å vere med på å redusere desse.

Trolltunga

I fjor omkom ein australsk student etter eit fall frå Trolltunga.

Foto: Wikimedia Commons

Spesielt vil dei få ned talet på ulukker og personskadar knytt til sjølviar som blir tatt i farlege situasjonar, der målet har vore å prøve å fange det perfekte turbilete.

– Stadig fleire turistar oppsøker vill og norsk natur. Vi ønskjer å formidle gode opplevingar i norsk natur, og å få flest mogleg hit og tilbake igjen på ein trygg måte, seier Christensen.

Vandreturen til Trolltunga forårsaka 23 redningsoperasjonar i 2015. I fjor omkom ein australsk student etter eit fall frå Trolltunga.

– Dei fleste av desse var ikkje i reell fare, men hadde feil kle, sko, utstyr osv. Vi har tidlegare prøvd å legge ut sikkerheitsinformasjonen på ulike nettsider, men føler at vi ikkje har nådd fram med informasjonen. No vil vi prøve å formidle dette gjennom sosiale plattformer i staden, seier Christensen.