Hopp til innhold

Vil gå i dialog om sperrer, men meiner ein ikkje kan gardere seg mot manglande vit

Etter dødsulukka i Geiranger torsdag vil Stranda-ordføraren gå i dialog med turistnæringa. Samstundes fortel han at turistar uansett kryssar sperringar – same kor store dei er.

Geiranger ulukkesstad

På denne staden ramla ein 56 år gammal turist i elva og omkom etter å ha kryssa tausperringa.

Foto: MMS-tipsar

Monja Mjelva

Hotellsjef Monja Mjelva var klar på at noko må gjerast etter dødsulukka.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

– Vi må få opp betre stengsel der ulukka skjedde. Noko må vi få gjort for å sikre plassen, sa Monja Mjelva etter dødsulukka i Geiranger torsdag .

Mjelva er hotellsjef på Union Hotell, like ved ulukkesstaden der ein 56 år gammal turist fall i elva og omkom. Ho og fleire andre heva røysta for å sikre betre på trafikkerte stadar.

Der ulukka skjedde var der nemleg berre eit tau som hindring.

– Uheldig og lei sak

Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp) blei kontakta av Mjelva torsdag, og til NRK fortel han at han vil gå i dialog.

– Først og fremst er ulukka djupt tragisk for dei pårørande og alle råka. Men det er også ei uheldig og lei sak for både turistnæringa og sjølvsagt kommunen, seier Tryggestad.

Les også:

Etter ulukka er han klar på at tausperringa ikkje var nok.

– Det kan vi vel enkelt seie at det ikkje var. Vi kjem til å ta ei drøfting med næringa i Geiranger på om vi skal vurdere tiltak i dei mest trafikkerte områda.

– Vi har i årevis gjort tiltak med skilting, og det går føre seg ein generell kampanje i næringa som går på informasjon om farane. Det må vi sjå på om vi kan forsterke i fellesskap, med ein kombinasjon av varsling, eventuelle hindringar og informasjon, meiner ordføraren.

Saka held fram under bildet.

Sperring til farleg foss

Tausperringa blei torsdag kryssa. Ikkje store sperra, men kor store sperrer må til før turistane ikkje kryssar dei?

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Kor store sperringar er nok?

Temaet turistar som kryssar sperringar på farlege stadar i Noreg er ikkje eit ukjent tema. Dødsulukka i går skjedde etter at den omkomne kryssa ei tausperring.

Jan Ove Tryggestad

Stranda-ordføra Jan Ove Tryggesad vil gå i dialog med turistnæringa i Geiranger.

Foto: Frode Berg / NRK

– Dette var kanskje ein turist utan erfaring eller kjennskap til norsk natur.

– Kor stor del av skulda må turistar ta etter ulukker der sperringane har blitt kryssa?

– Det er nesten meiningslaust å prate om skuld når eit liv går tap, men det er eit faktum at naturen på Nordvestlandet og i Geiranger krev liv. Den er storslått og fantastisk, med høge fjell og djupe fossefall, men den er uhyre farleg. Denne ulukka er igjen ei påminning om at vi må spele på lag med naturen og ha respekt for den, meiner Tryggestad.

Eitt spørsmål er kor store sperringar og hindringar må vere før turistar og andre forstår at ein verkeleg ikkje kan eller bør krysse dei.

– Nei, vi har dessverre opplevd at til og med oppe på Flydalsjuvet at turistar forserer gjerda for å kome seg ut på stupa. Og der oppe er det svært tydeleg markert med høge gjerde. Det er heilt umogleg å gardere seg mot folk som ikkje brukar sunt vit.

– Dei som vil forbi går forbi?

Leiteaksjon Geiranger

Mannen blei henta opp av sjøen etter å ha fulgt elva nedover.

Foto: MMS-tipsar

– Ja, vi ser vel dessverre at nokre ikkje bryr seg om verken informasjonsskilt eller fysiske sperrer. Eg er derimot forsiktig med å vere bombastisk om ulukka torsdag, seier Stranda-ordføraren til NRK.

Vil òg prate krisehandtering

I tillegg til å gå i dialog med turistnæringa om hindringar og stengsel, vil Tryggestad òg ta opp krisehandtering.

– Vi må i fellesskap vurdere tiltaka langs mellom anna elva, men også prate om krisehandtering opp mot dei frivillige som stiller på kort varsel.

Han meiner dei frivillige må følgjast opp etter dødsulukker.

– Alle er kanskje ikkje trena for slike hendingar, og vi har iverksett kriseteamet i Stranda og vil gi dei oppfølging, avsluttar Tryggestad.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL