Hopp til innhold

Vil finne tilbake til røtene sine

Fire månader etter at dei vart lagt ned av mediegiganten Amedia, var nærradioen i Kristiansund tilbake i dag.

Nærradio Kristiansund

Tysdag var nærradioen i Kristiansund tilbake i ny drakt.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

I fjor haust blei det stille frå Radio Kristiansund. Tysdag gjenoppstod nærradioen i Kristiansund som storkonsernet la ned. No vil dei tilbake til røtene sine.

Stig Rosvik, ein av programleiarane på KSU24/7.

Stig Rosvik seier at nærradioen i Kristiansund skal finne tilbake til røtene sine.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

– Vi tenker at vi ikkje skal vere ein radiostasjon for folk flest, men for folka i vårt nærområde. Vi skal heller ikkje vere bunden til ein viss profil, seier Stig Rosvik, ein av programleiarane på KSU24/7.

Radioen skal drivast av det nystarta selskapet Mediehuset KSU 24/7. Målet er å verte det dei ein gong var – før dei tunge mediehusa tok over kontrollen.

– Visjonen bak oppstarten er at vi ønskjer å gå tilbake til prinsippet for den gamle nærradioen, seier Rosvik.

Lang ventetid

Frekvensen og dei fleste av folka bak nærradioen er dei same som i Radio Kristiansund si tid. Tysdag var ventetida endeleg over og klokka 09.00 var KSU24/7 tilbake på radioen i ny versjon.

Vidar Karlsen, driftssjef ved KSU24/7

Vidar Karlsen, driftssjef ved KSU24/7, er glad for at nærradioen er tilbake.

Foto: Eirik Haukenes / NRK

Initiativtakarane innrømmer at det er visse utfordringar knytt til å starte ein reklamefinansiert kanal i ei tid der medias inntekter stuper.

– Ja, det er klart. Men dei seier at dei som greier å etablere seg no og som kjem seg gjennom det, dei kjem styrka ut av situasjonen, seier Vidar Karlsen, driftssjef ved KSU24/7.

– På ein måte vil det aldri vere eit rett tidspunkt å etablere seg. Ein må berre jobbe fram til ein er klar og så stå på, held han fram.

Og gleda over å endeleg vere tilbake på lufte var det ingen som kunne ta frå dei.

– Herleg, seier Rosvik.

– Det er heilt fantastisk å vere tilbake, dette har vi jobba lenge med, seier Karlsen.