Hopp til innhold

Vil bruke gasspengar til ny bru

Interessegruppa Brobyggerne i Aukra vil auke presset for å få bygd bru mellom Gossen og Otrøya og vidare til fastlandet i Julsundet.

Bro på Gossen

Bruer mellom Gossen og Midsund kjem truleg før Møreaksen som vil kunne knyte øyene til fastlandet.

Foto: Rambøll Wikipedia Commons (illustrasjon)

I eit ope brev til Aukra og Midsund kjem interessegruppa med forslag om å sikre og skunde fram brubygginga mellom dei to kommunane.

Leiar for interessegruppa, Jan Sporsem, seier Aukra må bruke skatteinntekter frå Aasta Hansteen-feltet til regionale føremål, og ikkje berre i eigen kommune.

– Vi ønsker at auka eigedomsskatt i samband med utbygginga av Aasta Hansteen vert sett av til vegprosjektet fastlandssambandet og Møreaksen, seier han.

Jan Sporsem

Jan Sporsem er leiar i interessegruppa Brobyggerne.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

– Alle einige

Sporsem meiner bru- og fastlandssamband for Aukra og Midsund også vil hjelpe fram Møreaksen.

– Samferdsel er viktig i heile Møre og Romsdal. Aukra er ein krumtapp for å kunne yte og kunne presse fram Møreaksen på eit tidleg tidspunkt. Vi er einige alle mann. Vi vil same veg, og no må vi berre stå samla og stå på.

– Skal Midsund også vere med å betale eigedomsskatt?

– Midsund skal vi også få med oss. Vi skal få med oss Misund på ein god måte. Det er ingen som er ueinige i kor vi vil og korleis vi skal kome dit, hevdar Sporsem.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL