Hopp til innhold

Samlast for å berge bilbergerane

Frå og med onsdag stod indre Nordmøre utan tungbilberger. Måndag vil eldsjeler kjempe for å bevare beredskapen.

Bergingsbil på vei

Det var operatøren Rognskog Bil som sa opp avtalen med Viking i august, og etter den tid har ei gruppe arbeida for å bevare tungbilberger i Surnadal og Rindal. Men Viking vil sentralisere. (Illustrasjonsbilde)

Foto: Pål Kristian Lindseth / NRK

Mons Otnes

Ordføraren i Surnadal, Mons Otnes, jobbar tett med eldsjeler for å redde tungbilbergarane i regionen.

Foto: Pressbilde

Frå og med onsdag stod indre Nordmøre utan tungbilberger etter at avtalen mellom Viking Redningsteneste og Rognskog Bil i Rindal blei avslutta.

– Vi arbeidar for å ha tungbilbergarar i dalføre, og meiner at det er grunnlag for å ha det på Nordmøre. Det er mykje transport, ikkje minst tungtransport i forhold til eit yrande næringsliv, så det å ha tungbilbergarar for å sikre opne vegar og god transport er viktig, meiner ordførar i Surnadal kommune, Mons Otnes (Ap).

Viking Redningsteneste vil sentralisere

Det var operatøren Rognskog Bil som sa opp avtalen med Viking i august, og etter den tid har ei gruppe arbeida for å bevare tungbilberger i Surnadal og Rindal. Men Viking vil sentralisere.

– Viss vi skal ha bergerane stasjonert i Orkanger og dei skal dekke delar av Sør-Trøndelag og delar av Nordmøre så vil det skape store utfordringar viss det er ein hending på Hitra først og like etter på oppdrag for å berge ein trailer i Surnadal etterpå. Då er eg redd at vi får stengde vegar i lang tid, seier Otnes.

Primært ønskjer ordføraren å få til ein avtale med Viking, men han legg vekt på kor viktig responstida er.

– Viking ønskjer å sentralisere og å vere stasjonert på Orkdalen. Vi må ha politisk draghjelp lenger oppe i systemet, og ikkje minst påpeike kor viktig det er med responstid – kor lang tid toler vi at vegane er stengde? Eg meiner at responstida må vere så kort som i det heile mogeleg, seier ordføraren.

Prisen pressa

Ordføraren jaktar no på ei ny løysing som kan fungere for regionen. Ei arbeidsgruppe oppbygd av eldsjeler jobbar no saman med ordføraren for å berge tenesta.

– For oss ser det ut som om Viking vil sentralisere, og at det stadig er ein pressa pris i forhold til operatørar. Rognskog har gjort ein kjempejobb i over 30 år. Så all ære til han. No må vi berre finne ei ny løysing som fungerer for alle, seier Otnes.

Viking avslo søknad

Bjarne Tellesbø, dagleg leiar i Viking Redningsteneste i Surnadal fortel at dei sende inn søknad til Viking sentralt for å få denne avtalen. Men det fekk dei ikkje.

– Vi kunne gjerne ta over denne avtalen, men vi fekk avslag på søknaden vår frå sentralt hald. Dei vil sentralisere og flytte stasjonen for tungbilberging til Orkanger fordi dei meiner at oppdraga er for få. Eg er ikkje ueing, men eg trur at vi ikkje tar nokon ekstra risiko ved å ta dette oppdraget, seier Tellesbø.

– Veldig skuffa

Reidar Brøske

Prosjektleiar Reidar Brøske i arbeidsgruppa som jobbar for å berge bergingsbil i Rindal og Surnadal.

Foto: Privat

Prosjektleiar og eldsjel i arbeidsgruppa, Reidar Brøske, blei veldig skuffa då beskjeden kom om avslutta avtale onsdag.

– Eg blei vel eigentleg forbanna, og humøret raste. Det er trist sidan vi har lagt inn over 100 timar med gratisarbeid, seier Brøske.

Prosjektleiaren fryktar at ventetida etter eit uhell vil bli alt for lang, og at vegar vil vere stengde lenge.

– Reisetida frå Orkdalen kan bli opp til 1,5 til 2 timar til vår region. Viss det skjer uhell fleire stader samtidig kan det skje at Viking får ei responstid på rundt 12 timar, fortel ein frustrert eldsjel.

Brøske fortel at arbeidsgruppa har fått støtte av mange, blant anna lokalt næringsliv og politi.

Engasjert ordførar med i kampen

Noko som er med å løfte humøret er kommunens engasjement. Brøske er glad for at ordføraren ville samarbeide så tidleg i prosessen.

– Allereie morgonen etter trefte vi ordføraren til møte om situasjonen. Dei har vore veldig orienterte heile vegen, og vi er i godt mot framfør møtet måndag kveld. Eg trur at folk er lydhøyre, og at vi vil få fram bodskapen vår om beredskap i vår region, seier Brøske.

Måndag kveld samlast aktørar frå kommunen, næringsliv og forsikringsselskap til aksjonsmøte på kulturhuset klokka 18.30.