Hopp til innhold

Sjukehusstriden: Gjett kva politikarane kallar Midt-Noreg

Fleire politikarar på Stortinget omtalar no Midt-Noreg som Midt-Austen etter den opprivande striden om lokalisering av nytt sjukehus.

Styremøte Helse Midt-Norge Stjørdal
Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Harald Nesvik
Foto: Trond Vestre

Ingen har vel unngått å få med seg den pågåande sjukehusstriden mellom Molde og Kristiansund. Begge byane ynskjer at det nye fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal skal byggast i deira by. Både styra i Helse Møre og Romsdal og Helse Midt-Noreg har gått inn for Molde, og det gjer Kristiansundtilhengarane frustrerte.

Undervegs i prosessen har det vore mykje dramatikk. Sjukehusdirektør Astrid Eidsvik trekte seg og det har kome fram påstandar om forsøk på utpressing og korrupsjon. Fredag er det helseminister Bent Høie som skal avgjere saka. Han må svare for seg til kontrollkomiteen på Stortinget om korleis han har vore involvert i prosessen.

Midt-Austen

Parlamentarisk leiar i FrP, Harald Nesvik, seier at bråket har gjort at nokre politikarar har gitt helseføretaket nytt kallenamn.

– Det blir jo framstilt som ei krigssone, så i enkelte kretsar går Midt-Norge no for Midt-Austen, seier Nesvik.

Mykje kjensler

Han trur striden vil roe seg etterkvart og skjøner at det er mykje kjensler inn i biletet.

– Det er situasjonen i Midt-Noreg og dei kjenslene som kjem til uttrykk som gir opphavet. Det har ingenting med styrearbeidet å gjere, men om lokaliseringskampen og dei harde orda som vert utveksla, seier Nesvik.

Sjølv synest han prosessen den siste tida har vore rotete og han synest det er all grunn til å stille spørsmål om kva som har skjedd.

– Det var ein fin og ryddig prosess fram til det starta å røyve på seg i sluttfasen, seier Nesvik.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL