Hopp til innhold

Ventar på det «hemmelige» MFK-skjerfet

Det går unna med MFK-skjerf før cupfinalen på søndag, men det siste skjerfet ventar dei enno på, fortel klubbveteran Stein Olav "Laffen" Hestad med nærare 700 A-kampar for Molde.

Laffen Hestad sel skjerf på Youngstorget

Klubblegenda står og sel skjerf på Youngstorget, men kan fortelje at det siste skjerfet vert levert i 15-tida i morgon, og der står det THE DOUBLE, smiler han.

Han er sikker på siger over Odd, men kampen skal spelast, og det har vore større sensasjonar på Ullevål dei siste åra enn at Skienslaget skulle kunne slå Molde.

Dei fleste trur på ein jamn og tett kamp mellom to av dei tre beste laga i norsk fotball denne sesongen.

Laffen Hestad er pappa til Daniel, og trur ikkje sonen får starte cupfinalen i morgon. Han trur heller at superveteranen kjem innpå i løpet av kampen dersom det er behov for hani hektiske sluttminutt, eller om Molde ligg under.

MFK-flagg på Youngstorget

MFK-flagget vaiar på Youngstorget.

Foto: Arne Flatin / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL