Hopp til innhold

Traileren fjerna etter velt på E39

E39 på Vartdalstranda i Ørsta er opna for fri opplyser politiet klokka 14.45 tysdag. Vegen har vore heilt eller delvis stengt sidan eit vogntog velta måndag kveld.

Trailer sperrar vegen på Vartdalstranda i Ørsta

Ein trailer sperrar E39 i Ørsta i begge retningar etter å ha velta.

Foto: Magne Krumsvik

Traileren som er lasta med 24-25 tonn øl og vatn skulle til Ålesund, da den ved midnatt blei skubba ut av vegen.

Arbeidet med å tømme vogntoget for last har tatt tid. Klokka 14.45 tysdag opplyser politiet at traileren er fjerna.

Laster Twitter-innhold

Før det er tømt kan køyretøyet ikkje flyttast. Tysdag formiddag er eitt køyrefelt ope og politiet dirigerer trafikken forbi.

– Det tar litt tid å få tømt lasten, sa Steinar Waagan, som er direktør for termo og kontraktsavdelinga i DSV Road, som eig traileren.

Waagen var sjølv tilstades då arbeidet med å tømme lasta starta i natt.

– Det er veldig mange kolli og det må handlossast. Og dei kan ikkje ta bilen opp att før den er tom.

Lasta blei tysdag flytta over i ein annan trailer som er på staden.

To personar blei skadd

To personar blei sende til sjukehuset i Volda etter velten måndag, men legevakta opplyser at ingen av dei blei alvorleg skadde.

Seint måndag jobba brannvesenet med å samle opp diesel og hydraulikkolje som lak frå vogntoget.

Lange køar av vogntog

Svein Kvisvik frå Waage Transport (f.v.) og Bjørn Ellingsen frå Bring

Svein Kvisvik frå Waage Transport (t.v.) og Bjørn Ellingsen frå Bring blei måndag kveld ståande å vente etter at eit vogntog velta på E39.

Foto: Magne Krumsvik

Det var lange køar med andre vogntog som ikkje greidde å snu på Vartdal i Ørsta måndag kveld. Mange småbilar skal ha returnert, eller funne andre omkøyringar.

Vartdalstranda ligg på E39, berre eit lite stykke frå ferjeleiet Festøya, og det danna seg difor raskt køar på begge stader av traileren.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL