Hopp til innhold

Vart tåkefast på fjelltur

Dei to mennene som sat vêrfast på Høgsvora i Ørskog i går kveld kom seg trygt ned i halv ellevetida onsdag kveld.

Høgsvora

Det var like før klokka 20.00 onsdag kveld at politiet melde at to personar sat vêrfast på Høgsvora i Ørskog.

– Dei to var på tur då dei vart overraska av skodde, fortel operasjonsleiar ved Sunnmøre politidistrikt.

Mannskap frå Røde Kors blei sendt ut og gjekk dei to i møte.

Turgåarane blei funne i god form og fekk hjelp av Røde Kors til å finne vegen ut av tåka og ned frå Høgsvora.

I halv ellevetida onsdag kveld hadde dei to kome seg trygt ned att frå fjellet.