Hopp til innhold

Varsku om brannberedskapen

Ålesund brannvesen slår alarm fordi dei meiner brannbilar og utstyr er under ein kvar kritikk. – Dette er ikkje forsvarleg, meiner styret i brannvesenet.

Ålesund brannstasjon

Bilparken hos Ålesund brannkorps held ikkje mål, meiner styret i brannvesenet og ropar varsku til bystyret.

Foto: Ole-Ottar Høgstavoll / NRK

I eit brev til Ålesund kommune gir styret i brannvesenet uttrykk for stor uro over at rådmannen foreslår langt mindre pengar til investeringar i nytt materiell enn brannvesenet meiner dei treng.

– Rådmannen foreslår at vi får 2,5 millionar kroner i året, men bystyret må løyve minst 7,5 millionar kroner for neste år, og minst fem millionar kroner kvart år fram til 2019, krev styret i brevet til kommunen.

«Brannvesenet har vore underfinansiert på investeringssida i årevis. Delar av beredskap -og redningsutstyret er forelda, og kan føre til ein uakseptabel risiko i ein naudssituasjon», heiter det i brevet.

Knut Fylling

Knut Fylling er leiar i styret for Ålesund brannkorps og åtvarar bystyret mot å følgje rådmannens si innstilling til investeringsbudsjett for perioden 2016–2019.

Foto: Trond Vestre / NRK

– Kan ramme liv og helse

Fylling seier til NRK at brannvernet alt driv med redusert beredskap i forhold til brannordninga for kommunen.

– Mannskapsmangel ved brannstasjonen i Spjelkavik gjer at vi ved brann i høgder må sette att stigebilen i garasjen. Medan det brenn i nærområdet til stasjonen, må stigebilen frå hovudbrannstasjonen på Volsdalsberga rykke ut med den forlenga utrykkingstida det gir, seier Fylling.

Slikt kan gå utover liv og helse, meiner han.

Treng utstyr og bilar

Brannvesenet peikar på at fleire av bilane og utstyret er utrangert.

Den tunge, 25 år gamle redningsbilen må skiftast ut for han kan stoppe når som helst, fryktar brannvesenet.

Brann Ålesund

Brannvesenet fryktar dei ikkje klarer å fylle oppgåvene sine, dersom dei framleis må slite med gamalt utstyr. Illustrasjonsbilde.

Foto: MMS- Synnøve Hole / NRK

– Bilen har spesialutstyr for å løfte opp tankbilar, bussar og andre større bilar ved velt, og kan jekke opp samanraste bygningar. Har vi ikkje dette utstyret, vil faren for tap av liv auke, seier Fylling.

Likande spesialbil må ein til Bergen eller Trondheim for å finne maken til.

Grunn til å engste seg

Brannvesenet gir anskrik no, fordi dei meiner eit fungerande brannkorps er heilt avgjerande for ein by som Ålesund.

– Får vi ikkje midlar til å fornye utstyret, har innbyggarane grunn til uro. Diverre vil det auke faren for at vi ikkje klarer å kome og redd folk fort nok i naudssituasjonar, seier Knut Fylling.

Astrid Eidsvik

Rådmann Astrid Eidsvik viser til at Ålesund kommune har så dårleg økonomi, at kommunen er på Robek-lista.

Foto: Remi Sagen / NRK

Rådmann Astrid Eidsvik viser til at Ålesund er på Robek-lista.

– Når investeringsbudsjettet er så avgrensa som vårt, klarer vi ikkje å presentere noko betre framlegg for bystyret, seier ho.

Saka kjem opp til behandling i bystyret torsdag.