Hopp til innhold

Varme slo ut mobildekninga

Fleire stader har torsdag vore utan mobildekning i Møre og Romsdal og i Nord-Trøndelag. Eit varmeproblem er årsaka.

Mobildekning

Fleire stader har vore eller er utan mobildekning i Møre og Romsdal og i Nord-Trøndelag.

Foto: Remi Sagen / NRK

Stranda, Geiranger, Valldal og Stordal i Møre og Romsdal har hatt dårleg dekning, og tidlegare har også Vanylven hatt problem med dekninga.

I Stranda kommune var rundt halvparten av basestasjonane ute.

bjørn amundsen

PROBLEM: Bjørn Amundsen er dekningsdirektør i Telenor.

Foto: Remi Drageset / NRK

– Andre stader er ein og annan basestasjon ute, så Norddal og Stranda er hardast råka. I Nord-Trøndelag er det berre i Meråker som er råka, der sju av ti basestasjonar er ute, seier Amundsen torsdag.

Kommunikasjonsrådgjevar Ellen Scheen i NetCom seier at også dei har hatt problem med mobildekninga i mellom anna Møre og Romsdal.

– Me har hatt eit større utfall i området, og det er 19 basestasjonar som er nede. Det gjer dessverre at nokon område er heilt utan dekning, seier Scheen.

– Vi fekk en temperaturalarm på et kort i ein sentral som styrar sambandet til fire kommunar. Feilen vart retta av seg sjølv like før klokka 22 torsdag kveld, då temperaturen i kortet sank, seier dekningsdirektør Bjørn Amundsen i Telenor fredag morgon.

Fredag formiddag seier Ellen Scheen i NetCom at det kun er ein av 19 basestasjonane som no er nede, og den ligg på Fausa i Stranda.

Høg temperatur

Ellen C. Scheen

UTAN DEKNING: Ellen Scheen som er kommunikasjonsrådgjevar i NetCom seier at kundane deira også er utan dekning.

Foto: NetCom

Det er høg temperatur på sambandet som går ut til basestasjonane, som har gjort at basestasjonane dett ut.

– Me gjer alt me kan for å kjøle ned sambandet, og så fort me får orden på det så vil det fungere normalt, seier Amundsen torsdag.

Dekninga i dei råka områda har kome og gått onsdag og torsdag, og Telenor har jobba med å få til best mogeleg lufting der utstyret er, slik at dei får ned temperaturen.

– Problemet har ikkje nødvendigvis samanheng med temperaturen som har vore på den enkelte staden, men me trur det har med ein varmefeil på eit eller anna kort hjå oss å gjere, seier Amundsen.

Fredag morgon seier Amundsen at han ikkje trur utetemperaturen har skylda.

– Det er nærliggande å tru det, men eigentleg var det ein varmegang i eit kort som vi måtte få ned temperaturen i. Eg trur ikkje det hadde nokon samanheng med utetemperaturen.

– Du kan samanlikne det med at viss vifta ikkje verkar som den skal på PC-en din, og det er varmt ute, så kan det vera årsaka. Det kan også vera vifta i seg sjølv som er problemet, og ikkje nødvendigvis temperaturen ute, seier han.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL